Piggtråd er gjerdetråd av ståltråd med spisse piggar som stikk ut.
Typen som er i allmenn bruk i dag blei patentert i USA i 1874. Piggtråd blir laga i mange variantar, alt frå «barberblad-utføring» til den eldre og meir brukte typen. Piggtråd er ofte brukt på høge gjerde og finst i hovudsak rundt industribygg, militære område, somme riksgrenser og i samband med gardsbruk.
Bruken av piggtråd er lovregulert i Noreg (Lov om dyrevern). I 2010 blei det innført eit absolutt forbod mot piggtråd i gjerde sett opp for å regulera ferdselen til dyr.
Det fyrste patentet på piggtråd blei gjeve i USA i 1867 til Lucien B. Smith frå Kent i Ohio. Smith er dermed rekna som opphavsmannen til oppfinninga. Joseph F. Glidden frå DeKalb i Illinois fekk patent på den moderne utforminga i 1874 etter å ha forbetra den tidlegare modellen.
Piggtråd var den fyrste ståltrådteknologien som kunne sperra inne storfe. Ståltrådgjerde er billigar og lettare å setja opp enn alternativa, og då slike gjerde blei tilgjengelege i USA seint på 1800-talet blei det overkommeleg å gjerda inn større område enn tidlegare. Dette gjorde at ein kunne halda store storfeflokkar meir intensivt enn ein hadde gjort tidlegare.
Ein kan også bruka piggtråd som hinder på ei slagmark. Piggtråd blei fyrst brukt i militær samanheng av spanske styrkar på Cuba under den spansk-amerikanske krigen i 1898.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Piggtråd, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.