Peter Jonas Collett (12.
september">12. september 1813–1. desember 1851) var ein norsk jurist, litteraturkritikar, professor og politikar. Han Var ektemannen til Camilla Collett, og hjelpte henne ta fatt som forfattar.
Peter Jonas Collett | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. september 1813 Lier |
Død | 1. desember 1851 (38 år) |
Yrke | professor |
Far | Johan Collett |
Ektefelle | Camilla Collett |
Peter Collett var fødd i Huseby i Lier. Han var son av amtmannen Johan Collett (1775–1827) og kona Christiane Birgitte de Stockfleth (1782–1829), og tilhøyrde den norske slekta Collett. I 1841 gifta Collett seg med Camilla Wergeland. Paret fekk fire søner, mellom dei Robert Collett, som blei professor i zoologi, og historikaren og genealogen Alf Collett.
Peter Jonas Collett blei utnemnd til professor i lovkunne ved Universitetet i Christiania i 1848. Forelæsninger over Familieretten frå 1859 er den eldste systematiske framstillinga i Noreg om familierett. Forelæsninger over Personretten kom ut i 1865–66 i 2 band.
Collett hadde også sterke litterære interesser. Han tilhøyrde Intelligenspartiet og var ein sentral støttespelar for Johan Sebastian Welhaven. I tida 1837-40 skreiv han ei rekkje bidrag til Den Constitutionelle. Då han reiste rundt i Europa i 1839–40 skreiv han Skizzer som «La bella Italia» og «Julies Grav i Verona». Collett verka også som norsk korrespondent til det danske skandinavistiske tidsskriftet Brage og Idun (1839–41) og avisa Fædrelandet (1847–51).
Peter Jonas Collett døydde av lungebetennelse berre 38 år gammal.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peter Jonas Collett, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.