Peter Artedi (27.
februar">27. februar 1705–27. september 1735), også kjend under det latinifiserte fornamnet Petrus og slektsnamnet Arctaedius, var ein svensk biolog som vert rekna som grunnleggar av iktyologien.
Peter Artedi | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 27. februar 1705 Örnsköldsviks kommun |
Død | 27. september 1735 (30 år) |
Yrke | botanikar, naturvitar, zoolog |
Språk | latin |
Peter Artedi på Commons |
Peter Artedi var einaste son til Olaus Arctaedius (1670-1728), som var kyrkoherde, og Helena, fødd Sidena (ca 1680-1759).
Etter gymnasiestudie i Härnösand, der farfaren var lærar, vart Peter Artedi skriven inn ved Uppsala universitet 30. oktober 1724. I Uppsala vart Artedi raskt kjend som den leiande innan naturvitskapen, og Carl von Linné vart ein god ven for resten av livet hans. Peter Artedi omkom ved drukning i Amsterdam då han var 30 år gammal.
Peter Artedi er kjend som den første moderne forskaren innan iktyologien (fiskvitskapen). Artedi levde ikkje lenge, men Linné sytte for at verka hans vart gjevne ut etter at han døydde. Ichthyologia omfattar meir enn iktylogines vitskapsfelt: dets andre del, «Philosophia ichthyologica», er ein systematisk klassifikasjon der Artedi klargjer slektsamanheng og opprettar nomenklaturreglar. Desse har mykje til felles med arbeida til Carl von Linné. Sidan Linné redigerte Artedis manuskript, er det vanskeleg å vite kven som har påverka kven, men det er klart at begge hadde eit fruktbart utbytte av kvarandre. Mange har likevel meint at det var Linné som tok over klassifikasjonssystemet frå Artedi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peter Artedi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.