Ein perturbasjon innan astronomi er ei forstyrring eller eit avvik i den relative rørsla til ein himmellekam, som jorda, omkring ein sentrallekam, som sola, skapt av gravitasjonsverkanden frå ein tredje himmellekam, som til dømes Jupiter.
Den tredje lekamen vert kalla den perturberande himmellekamen.
Periodiske perturbasjonar vert gjenteken i forholdsvis korte tidsrom. Sekulære perturbasjonar er særs langsame forandringar. Desse er òg periodiske, men med særs lange periodar. Det var perturbasjonen i rørsla til Uranus som førte til oppdaginga av Neptun i 1846. Banen til månen er sterkt perturbert, noko som i høg grad vanskeleggjer utrekninga av posisjonen til månen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Perturbasjon i astronomi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.