Peder Balke (4.
november">4. november 1804–15. februar 1887) var ein norsk kunstmålar. Han laga landskapsmåleri med dramatiske motiv og ein avgrensa fargeskala som gjorde at han er blitt sett på som ein av dei beste norske landskapsmålarane frå 1800-talet.
Peder Balke | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. november 1804 Helgøya i Mjøsa |
Død | 5. februar 1887 (82 år) |
Yrke | kunstmålar, biletkunstnar, litograf |
Born | Georg Balke |
Peder Balke på Commons |
Balke var fødd som husmannsgut på Helgøya, men kom i 1820-åra til garden Vester-Balke på Toten, der han blei sett på som ein son og tok etternamnet Balke.
Balke døydde i Kristiania i 1887.
Balke begynte som sjølvlært bygdemålar, men fekk seinare utdanning ved Tegneskolen i Christiania (1827), på akademiet i Stockholm (1829-1833) og i Dresden (1836). Bønder på Toten betalte for utdanninga hans, og som takk måla han salane på gardane deira. Peder Balke var elev av J. C. Dahl frå 1843 til 1844. Han reiste også til Paris og Russland.
Peder Balke er representert i Nasjonalgalleriet med 14 bilete. Måleriet Fyr på den norske kyst, hans mest kjende, var hovedmotivet på baksida av dei norske tusenkronersetlane frå 1975 til 1981. Biletet blei tidlegare kalla Vardø fyr, men stemmer ikkje med kysten av Vardø, som heller ikkje hadde oko fyr i 1855, då biletet blei til. Dette mistilhøvet mellom røynda og kunstverket til Balke er eit uttrykk for at haldninga hans til naturskildringar var meir romantisk enn dokumentarisk.
Kunstnaren Balke var også samfunnsoppteken. Han tok opp spørsmålet om kunstnarstipend i 1842, og var ein av dei første i Noreg som tok opp spørsmålet om pensjon, i 1851.
Boligstrøket Balkeby (eller Kunstnerlund) på Majorstua i Oslo blei oppretta etter at Balke kjøpte jord frå garden Nedre Blindern, som han delte opp til bustadtomter, i 1856.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peder Balke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.