Peak District er eit høglandsområde i det sentrale og nordlege England.
Det ligg for det meste i Derbyshire, men òg innanfor Cheshire, Staffordshire, samt South og West Yorkshire. Det meste av det er inkludert i Peak District nasjonalpark, som var den første nasjonalparken i Storbritannia. Parkgrensane vart trekt slik at ein unngjekk å få med byar, men Buxton er praktisk talt omringa av parken.
Peak District nasjonalpark | |||
«The Peaks» | |||
Nasjonalpark i England | |||
Mam Tor i Peak District nasjonalpark | |||
Offisielt namn: Peak District | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Derbyshire, Cheshire, Greater Manchester, Staffordshire, South Yorkshire, West Yorkshire | ||
Høgaste punkt | |||
- stad | Kinder Scout, Derbyshire | ||
- høgd | 636 moh. | ||
Areal | 1 437 km² | ||
Folketal | 38 100 (2000) | ||
Geologi | hard korna sandstein, kalkstein | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
For ålmenta | Somme området opne for ålmenta | ||
Vitjande | 22 millionar | ||
IUCN-kategori | V - Verna område | ||
Peak District 53°21′00″N 1°50′00″W / 53.35°N 1.8333333333333°W | |||
Peak District nasjonalpark | |||
Wiki Commons: Peak District | |||
Området vert gjerne delt inn i den nordlege delen Dark Peak, der ein finn mykje myrlandskap, og den sørlege White Peak som er det mest folkesette området. Ifølgje parkstyresmaktene er Peak District den nest mest populære nasjonalparken i verda.
White Peak er eit kalksteinsområde, noko som medfører at det er mange grotter der. Under Dark Peak finn ein skifer og sandstein. Det høgaste punktet er toppen på Kinder Scout.
Masseinntrengningen på Kinder Scout var ein sivil ulydigheitsaksjon som vart gjennomført i 1932, og som var eit vasskilje for kampanjen for nasjonalparkar og fri tilgjenge til myrheiene. 17. april 1951 vart Peak District den første nasjonalparken i landet.
Den første langdistanseturvegen i landet er òg knytt til Peak District; Pennine Way byrjar i landsbyen Edale i hjartet av området.
Mange trur at namnet Peak District kjem av ordet peak, som tyder 'fjelltopp'. Dette stemmer ikkje; namnet kjem frå pict, ein referanse til jernalderfolket som levde i området, viss kultur truleg overlevde lengst nettopp i Derbyshire. Keltiske og pre-keltiske skikkar og festivalar har sett spor som ein enno kan sjå.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peak District, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.