Peace Train

Peace Train
Singel av Cat Stevens
frå albumet Teaser and the Firecat
B-side
    • «Where Do the Children Play?» (USA/Canada/Europa)
    • «Tuesday's Dead» (Storbritannia)
Språk engelsk
Utgjeve
    • 1971 (verda)
    • September 1971 (USA)
Innspelt Mars 1971
Studio Morgan i Willesden i London
Sjanger Softrock
Lengd
    • 4:12 (album)
    • 3:45 (singel)
Selskap
Komponist Cat Stevens
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Paul Samwell-Smith
Cat Stevens-kronologi 
«Moonshadow»
(1971)
Peace Train «Morning Has Broken»
(1972)

«Peace Train» er ein song frå 1971 av Cat Stevens gjeven ut på albumet hans Teaser and the Firecat. Songen klatra til sjuandeplassen på Billboard Hot 100-lista i løpet av veka 6. november 1971, og vart den første topp 10-hittne til Stevens i USA. Songen låg òg tre veker på toppen av adult contemporary-lista. Han er òg med på samlealbumet The Very Best of Cat Stevens. Stevens spelte inn songen på nytt for velgjerdsorganisasjonen War Child i 2003.

Historikk

På ein konsert på 1970-talet introduserte han songen med avsløringa om at han skreiv songen medan han sat på eit tog, og tenkte på Alfred Hitchcock, utvilsamt på grunn av at mange av Alfred Hitchcock-filmane gjekk føre seg på tog.

Cat Stevens konverterte seinare til islam, skifta namn til Yusuf Islam, og reduserte dei offentlege opptredenane sine, men under Irak-krigen kommenterte han den fornya relevansen til songen med å seia: «'Peace Train' er ein song eg skreiv, med eit bodskap som held fram med å torna gjennom hjarta til millionar. Det er eit sterkt behov for at folk føler at håpet reiser seg igjen. Som menneske og som muslim er dette bidraget mitt til oppmodinga om ei fredeleg løysing.»

Yusuf Islam framførte songen live under Nobels fredspriskonsert i 2006 då Muhammad Yunus frå Bangladesh fekk prisen. Mellomspelet under songen der bakgrunnssongarane syng «Kumbayaba» vart fjerna for denne versjonen. Han framførte òg songen som ein del av ein komisk sketsj på Jon Stewart sitt Rally to Restore Sanity, og på den nasjonale minnestunda i New Zealand for moskéskytinga i Christchurch, som vart halde i Hagley Park 9. april 2023.

Saman med Playing for Change spelte Yusuf/Cat Stevens i 2021 inn ein ny versjon av «Peace Train» med over 25 musikarar frå 12 land.

Skuldingar om hykleri

Popsanger med fredsbodskap var vanleg i Vietnamkrigen, og «Peace Train» vart innleidd av «Give Peace a Chance» i 1969. Det var likevel ikkje alle som fann fredssongen til Cat Stevens overtydande. Robert Christgau kritiserte bodskapen i «Peace Train» i sin Newsday-melding av ein konsert med Stevens i New York Philharmonic Hall i november 1972: «Eg har ikkje noko imot når Johnny Nash syng ei sjarmerande vise om korleis ting blir betre, men når Stevens informerer verda om at me alle er på eit fredstog, blir eg irritert. Det er me ikkje, og viss Stevens nokon gong sluttar å rista på hovudet lenge nok til å sjå klart ein augneblink, vil han kanskje innsjå det.»

Etter at ayatollah Khomeini kunngjorde ein fatwa mot Salman Rushdie etter utgivinga av boka til forfattaren Sataniske vers, kom Stevens med utsegner som støtta fatwaen og sa at Rushdie fortente å døy og at han (Stevens) ville fungera som bøddel «viss me var i ein islamsk stat og eg vart beordra av ein dommar». Då han vart spurd: «ville du gått til ein demonstrasjon der du visste at ei avbilding av Rushdie skulle brennast?», svarte Stevens: «Eg ville ha håpa at det var ekte vare». Kommentarane til Yusuf Islam skapte reaksjonar på den tida. Popgruppa 10 000 Maniacs sletta Cat Stevens-songen «Peace Train», som dei hadde spelt inn til albumet In my Tribe frå 1987, frå seinare utgivingar av albumet som ein protest mot utsegnene til Islam. Fleire amerikanske radiostasjonar slutta å spela Cat Stevens-plater. Radioprogramleiar Tom Leykis i KFI-AM i Los Angeles oppmoda til massebrenning av Cat Stevens sine plater, seinare endra til massedamping. Islam hevda at han tidlegare utan hell hadde bede plateselskapet sitt om å stoppa produksjonen av Cat Stevens-platene, men at dei hadde nekta av økonomiske grunnar.

Etter terroråtaka 11. september 2001 vart songen plassert på lista over upassande songar etter 11. september 2001 distribuert av Clear Channel.

Salslister

Vekeslister

Liste (1971) Plassering
Australia (Kent Music Report) 3
Canada RPM Adult Contemporary 22
Canada RPM Top Singles 3
New Zealand (Listener) 2
U.S. Billboard Hot 100 7
U.S. Billboard Adult Contemporary 1
U.S. Cash Box Top 100 4

Årslister

Liste (1971) Plassering
Australia 48
Canada 48
U.S. Adult Contemporary (Billboard) 13

Andre versjonar

Bortsett frå originalinnspelinga til Stevens, vart ein coverversjon av «Peace Train» spelt inn av det amerikanske alternativrock-bandet 10,000 Maniacs. Songen dukka opphavleg opp på albumet til bandet frå 1987, In my Tribe, men han nådde ikkje hitlistene. Etter Stevens sine kommentarar som nokon tolka som ei oppmoding til å drepa Salman Rushdie, fekk 10,000 Maniacs-vokalisten Natalie Merchant fjerna «Peace Train» frå alle framtidige utgivingar av albumet i USA.

I 1995 vart ein coverversjon av «Peace Train» inkludert på Don Williams-albumet Borrowed Tales. I 1996 inkluderte Dolly Parton ein versjon av «Peace Train», akkompagnert av den sørafrikanske vokalgruppa Ladysmith Black Mambazo, på albumet hennar Treasures. Parton produserte ein CBS-tv-spesial, som vart send i november 1996 for å marknadsføra albumet, der ho skildra «Peace Train» som ein personleg favoritt. Spesialen inkluderte òg eit kort intervju med Yusuf Islam, som skildra korleis han kom til å skriva songen. (Islam vart seinare med Parton på ein cover av ein annan av songane hans, «Where Do the Children Play?», og spelte gitar på sporet i 2005 på albumet hennar These Were the Days). I 1997 gav Parton ut songen som singel og filma ein musikkvideo, regissert av Christopher Ciccone, bror til Madonna. Singelen vart ein hit på US Dance og nådde ein 23. plass.

Songen har òg vorte spelt av Tony Meléndez i 1987, Jann Arden i 2007, Zain Bhikha i 2008, Laleh, Richie Havens, Melanie, Sam Harris og Rob Tobias and Friends. Songen vart òg remiksa av DJ-en Junior Vasquez.

Songen har dukka opp i filmane The War, Remember the Titans, Ordinary Magic, We Are Marshall og Jobs. Richie Havens sin versjon vart inkludert i TV-serien The Wonder Years.

Meir nyleg dukka «Peace Train» (saman med fleire andre Cat Stevens-songar) opp i den amerikanske komedien Rock the Kasbah frå 2015.

Kjelder

Tags:

Peace Train HistorikkPeace Train Skuldingar om hykleriPeace Train SalslisterPeace Train Andre versjonarPeace Train KjelderPeace Train

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

1795AbkhasiaBrossviksåtaJonas Gahr StøreAmazon.comWikipediaSaint LuciaNéos MylótoposNynorskHeimehjelpUDen internasjonale kvinnedagenHuset BourbonScrabbleHelsingforsMakedonsk språkNedbørÅge AleksandersenNederlandGrunnstoffliste etter atomnummerKleopatraNordahl Grieg videregående skoleHarpePumaChristianiaMatt McGinnRussell CroweDen apostoliske truvedkjenningaMeslingarMonogamiVasco da GamaGoogle ChromeThe Ragpicker's DreamÅl i HallingdalNintendo 3DSMaisISSNHønsehaukObeliskSpaniaKrøllalfaBeltegrader i judoHongkongKalikoIltalehtiTsjerkasy oblastEurystomusEShetlandsøyaneMetroland av Mark KnopflerVerdshandelsorganisasjonenErik FollestadDet britiske imperietBulgariaAugestikkararLydopptakPåskeopprøret i 1916Det japanske herrelandslaget i fotballHeaven for EveryoneUTCKhalkidónaRomanésBenito MussoliniAfrodisiakumKortromanHarald EiaEva PeronHåkon Sigurdsson JarlThe Hollies1818Oslo kommuneFridtjof NansenDet ville vestenDet britiske kongehusetPotetLiv Grete SkjelbreidÅndalsnesBBC Scottish Symphony OrchestraDigital object identifier🡆 More