Pagani er ein by og ein kommune i provinsen Salerno i regionen Campania i Italia.
Kommunen har 36 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 12 km². Pagani ligg 15 kilometer vest for provinshovudstaden Salerno.
Byen er mest kjend for festen til ære for Madonna del Carmine, og som årleg vert halden fyrste søndag etter påske. Frå heile Italia kjem turistar for å delta i feiringa og for å be til helgenen.
Pagani er elles eit mål for pilegrimar som ærar helgenen Alfonso dei Liguori, grunnleggjaren av rørsla redemptoristane, som frå 1775 til han døydde i 1787 budde her. Leivningane etter han vert oppbevart i kyrkja Basilica Sant’Alfonso i Pagani.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pagani i Salerno, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.