Påfuglen

Påfuglen (frå latin Pavo) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.

Den mest lyssterke stjerna, Alfa Pavonis, er òg kjend som Påfuglen, og har ein storleiksklasse på 1,91 og er ei blåkvit stjerne. Delta Pavonis er ei nærliggande, solliknande stjerne, som ligg 19,9 lysår unna. Ein har funne planetar kring seks av stjernene i Påfuglen, mellom anna HD 181433 med ei superjord, og HD 172555 med spor etter store interplanetære kollisjonar dei siste par tusen åra. Stjernebiletet inneheld NGC 6752, den tredje mest lyssterke kulehopen på himmelen og spiralgalaksen NGC 6744, som minnar om Mjølkevegen, men er dobbelt så stor.

Påfuglen
Påfuglen
Påfuglen
Latinsk namn Pavo
Forkorting Pav
Genitivsform Pavonis
Symbologi Namnsett av Bayer
Rektasensjon 20 h
Deklinasjon −65°
Areal 378 kvadratgrader
nr. 44 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
1
Sterkaste stjerne α Pav (1,94. mag.)
Meteorsvermar

Delta-pavonidane

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +30° og −90°

Kjende objekt

Stjerner

Påfuglen 
Stjernebiletet Påfuglen slik det er for det nakne auga.

Sjølv om Bayer tok med stjernebiletet på kartet sitt over nattehimmelene, gav han ingen av stjernene Bayernemningar. Den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille gav dei nemningar Alfa til Omega i 1756, men utelet Psi og Xi.

Nær nordgrensa til stjernebiletet ligg Alfa Pavonis, den mest lyssterke stjerna i Påfuglen. Ho har ein tilsynelatande storleik på 1,91 og spektralklasse B2IV. Ho er ei spektroskopisk dobbeltstjerne og ein estimerer at avstanden mellom dei to stjernene er 0,21 astronomisk einingAU eller berre halvparten av avstanden mellom Merkur og sola. Dei to stjernene brukar berre 11 dagar og 18 timar på å rotere rundt kvarandre. Stjernesystemet ligg kring 180 lysår frå jorda.

Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 3,43, Beta Pavonis er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Ho er ei kvit kjempe med spektralklasse A7III, og er ei aldrande stjerne som har brukt opp hydrogenet i kjernen og er i ferd med å avkjølast og flytte seg bort frå hovudserien. Ho ligg 135 lysår frå solsystemet.

Nokre få grader vest for Beta ligg Delta Pavonis, ei nærliggande som liknar på sola, men som har utvikla seg vidare. Dette er ei gul subkjempe med spektralklasse G8IV og tilsynelatande storleiksklasse 3,56 som ligg berre 19,9 lysår frå jorda. Aust for Beta og aust i stjernebiletet ved grensa til Indianaren ligg Gamma Pavonis, ei meir lsysvak, sol-liknande stjerne, 30 lysår frå jorda med ein storleiksklasse på 4,22 og stjerneklasse F9V. Andre nærliggande stjerner i Påfuglen er mykje meir lyssvake: SCR 1845-6357 er eit dobbeltstjerne med ein tilsynelatande storleiksklasse på 17,4 som består av ein raud dverg og ein brun dverg kring 12,6 lysår unna, medan Gliese 693 er ein raud dverg med storleiksklasse 10,78 som ligg 19 lysår unna.

Påfuglen inneheld fleire variable stjerner. Lambda Pavonis er ei lyssterk irregulær variabel som varierer i storleiksklassar mellom 3,4 og 4,4. Denne variasjonen kan ein sjå med det nakne auga. Ho er klassifisert som ein Gamma Cassiopeiae-variabel, med spektralklasse B2II-IIIe og ligg kring 1430 lysår frå jorda. Kappa Pavonis er ein W Virginis variabel—ein underklasse av ein kefeide. Ho varierer frå storleik 3,91 til 4,78 over 9 dagar og er ei gulkvit superkjempe som pulserer mellom spektralklassane F5I-II og G5I-II. NU og V Pavonis er pulserande halvregulær variabel|halvregulære variable, raude kjempestjerner. NU har spektralklasse M6III og varierer frå storleik 4,9 til 5,3, medan V Pavonis varierer frå storleik 6,3 til 8,2 over to periodar på 225,4 og 3735 dagar. V er ei karbonstjernemed spektralklasse C6,4(Nb) og ein markant raudfarge.

Vest i stjernebiletet i halen til fuglen ligg Eta og Xi Pavonis. Med tilsynelatande storleiksklasse 3,6 er Eta ei lyssterk oransje kjempe med spektralklasse K2II kring 350 lysår frå jorda. Xi Pavonis er eit fleirstjernesystem som er synleg i små teleskop som ei lys oransje stjerne og ei meir lyssvak kvit stjerne. Systemet ligg kring 470 lysår frå jorda, og har ein storleiksklasse på 4,38. AR Pavonis er ie lyssvak, men mykje studert formørkande dobbeltstjerne som består av ei raud kjempe og ei mindre varmare stjerne som ligg 18 000 lysår frå jorda. Ho har somme av eigenskapane til ein kataklysmisk variabel, der den mindre komponenten truleg har ei akkresjonsskive. Den tilsynelatande storleiksklassen varierer frå 7,4 til 13,6 over 605 dagar.

Planetsystem og fragmentskiver

Ein har funne seks stjerner med planetsystem. Ein har oppdaga tre planetar i systemet til den oransje stjerna HD 181433, ei indre superjord med ei omlaupstid på 9,4 dagar og to ytre gasskjemper med periodar på 2,6 og 6 år. HD 196050 og HD 175167 er gule klasse G-stjerner som liknar på sola, medan HD 190984 er ei klasse F hovudseriestjerne som er noko større og varmare enn sola. Alle tre har ei gasskjempe kvar. HD 172555 er ei ung kvit hovudseriestjerne klasse A, med to planetar som verkar å ha støytt saman i ein kraftig kollisjon i løpet av dei førre par tusen åra. Spektroskopiske spor har synt store mengder silisiumdioksid-gass som indikerer at den minste av dei to, som kan ha vore minst like stor som månen, vart øydelagd, og at den større, som minst er like stor som Merkur, vart kraftig skadd. Spor etter kollisjonen vart funnen med NASA sitt Spitzer Space Telescope. Sør i stjernebiletet ligg Epsilon Pavonis, med storleiksklasse 3,95. Ho er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A0Va kring 105 lysår frå jorda. Ho verkar å vere omgjeve av ein smal ring av støv i ein avstand på kring 107 AU.

Djupromsobjekt

Påfuglen 
Kulehopen NGC 6752 har kring 100 000 stjerner.

Djupromsobjekta i Påfuglen er mellom anna NGC 6752, den tredje største kulehopen på himmelen, etter 47 Tukanene og Omega Centauri. Hopen er estimert å vere 100 lysår brei, og ein trur han inneheld 100 000 stjerner. Tre grader lenger sør ligg NGC 6744, ein spiralgalakse kring 30 million lysår frå jorda som liknar på Mjølkevegen, men er dobbelt så stor. Det vart oppdaga ein supernova i galaksen i 2005; kjend som SN2005at og med ein storleiksklasse 16,8 då han var på det største. Dverggalaksen IC 4662 ligg 10 bogeminutt nordaust for Eta Pavonis, og har storleiksklasse 11,62. Han ligg berre 8 millionar lysår unna, og har fleire område med høg stjernedanning. Galaksen IC 4965 ligg 1,7 grader vest for Alfa Pavonis, og er eit sentralt medlem i Shapley-superhoopen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Påfuglen  Commons har multimedium som gjeld: Påfuglen

Tags:

Påfuglen Kjende objektPåfuglen KjelderPåfuglen BakgrunnsstoffPåfuglenHimmelkvelvingaKulehopLatinLysårMjølkevegenSolaSpiralgalakseStjernebileteSuperjord

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TriduumKalikoRódos byGuangzhouSpeleautomatPetter NorthugGrunnstoffliste etter namnNasjonaldrikkShine av Natália KellySpaniaFin GnattMLuminansArne DokkenSan Marino i San MarinoRusslandMona LisaEugenio MontalePulitzerprisenM.I.A.SkottlandKrøllalfaGreatest Hits 1982–1989ExtendedancEPlayIdar LindAre KalvøYacouba Isaac ZidaDholAnne B. RagdeMarit BjørgenDet britiske kongehusetJohn IllsleyFiskebankeDet greske alfabetetOckham sin barberkniv20. aprilAllahu akbarVestlandetSmuglingAl-BattaniRockallBillboardC SharpBulgariaWayback MachineEinar TambarskjelveSamvirkelagÅl i HallingdalOslo kommuneNasjonalrettPlantarPyramidekabalÅborOs kommune i HordalandBjarte TjøstheimNasjonaldyrSvartedauenSilvestre y La NaranjaHarry PotterGabrielMaria MenaMarina OvsiannikovaGotlandDet ville vestenJerusalemSpekkMusvåkBjørnRave On!1795MosesEtikkBrighton Rock av QueenKilkísKrysantemumMoskva oblast🡆 More