Ozeloten (Leopardus pardalis, tidlegare Felis pardalis) er eit kattedyr som lever i skog og på steppar i Sør- og Mellomamerika.
Ozelot | |
Ozelot | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av ozelot | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Feliformia |
Familie: | Kattefamilien Felidae |
Underfamilie: | Felinae |
Slekt: | Leopardus |
Art: | Ozelot L. pardalis |
Vitskapleg namn | |
Leopardus pardalis |
Han er spesielt kjend for den fine pelsen sin, og vart av den grunn tidlegare rekna som ein sårbar art, men bestanden er no rekna som livskraftig.
Ozeloten er gul eller gråaktig avhengig av kor tørr biotopen er. Pelsen er kledd med svarte flekkar og strekar, og vert rekna som særs fin. Kroppslengda er som på ein stor huskatt (65-100 cm), og vekta ligg i overkant av 10 kg.
Ozelotar lever åleine eller parvis i skogar og på steppar frå Mexico til nord i Argentina. Dei jaktar om natta, hovudsakleg på små pattedyr, fugl og krypdyr. Dei sym og klatrar godt, og fangar gjerne byttet sitt i trea.
Kullstorleiken er på 2-4 ungar, som vert fødde om hausten etter at hoa har gått drektig i litt over to månadar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ozelot, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.