Osterøy er ei innlandsøy som ligg like nordaust for Bergen i Vestland.
Øya er omringa av Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. Osterøy er den største av øyene i Noreg som ikkje vender direkte ut mot havet, og har eit totalt areal på 330,16 km². Osterøy er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal, der Vaksdal kommune dekkjer ein del nordaust på øya.
Osterøy | |
---|---|
Haus på Osterøy | |
Geografi | |
Stad | Nordhordland |
Koordinatar | 60°32′N 05°34′E / 60.533°N 5.567°E
|
Areal | 328 km²
|
Høgaste punkt | Høgafjellet (869 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Valestrandfossen (1374 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 8200 (2023) |
Folketettleik | 25 /km² |
Det bur om lag 8200 menneske (2023) på Osterøy. Det høgste fjellet er Høgafjellet som strekkjer seg 870 moh., medan Brøknipa (822 moh.) er det nest høgste.
Fredag 3. oktober 1997 vart ein merkedag då den 1065 meter lange hengebrua, Osterøybrua, over Sørfjorden mellom Kvisti på øya og Herland på fastlandet vart opna av samferdsleminister Sissel Rønbeck. Men øya vart første gong landfast i 1985 då brua over Kallestadsundet i Vaksdal kommune stod ferdig. Dette brusambandet gagna berre innbyggjarar i Vaksdal kommune. I tillegg til desse to brusambanda finst ferjesamband mellom Valestrand og Breistein.
Fjell på Osterøy
Namn | moh. |
Høgafjellet | 869m |
Brøknipa / Bruviknipa | 822m |
Rispingen | 742m |
Kvamsfjellet | 694m |
Vedafjellet | 673m |
Såtefjellet | 666m |
Stangfjellet | 640m |
Stemmeseggi | 572m |
Vestrefjellet | 559m |
Tveitefjellet / Settnipa | 556m |
Hoklane | 483m |
Erstadfjellet | 466m |
Hæddena | 462m |
Raunelifjellet | 458m |
Rotten | 438m |
Iseggene | 374m |
Burkelandsfjellet | 365m |
Klubben | 352m |
Sørkletten | 341m |
Myrbærstøfjellet | 318m |
Verafjellet | 314m |
Orratuva | 303m |
Folketalsutvikling:
1900 | 2000 | 2023 |
---|---|---|
5551 | ca. 7050 | ca. 8200 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Osterøy, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.