Oppdal (norr.
Uppdal(i)r) er ein kommune i Trøndelag fylke som ligg i grenseområdet mellom Trøndelag, Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal, om lag 120 kilometer sørvest for Trondheim. Kommunen har ei flatevidd om lag på storleik med Vestfold fylke, men størsteparten er fjell i almenning. Den største tettstaden er kommunesenteret Oppdal.
Oppdal kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Oppdal | ||
Areal | 2 274 km² | ||
- land | 2 207 km² | ||
- vatn | 67 km² | ||
Folketal | 7 389 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Geir Arild Espnes (Sp) | ||
Kommunenr. | 5021 | ||
Oppdal 62°34′00″N 9°36′00″E / 62.566667°N 9.6°E | |||
| |||
Wiki Commons: Oppdal | |||
Nettstad: www.oppdal.kommune.no | |||
Bygda har sterke jordbrukstradisjonar, særleg i sauehald, men småindustri og turisme har i dei seinare åra auka. Oppdal har i dag eit av dei største alpinanlegga i Noreg.
Dovrebanen går gjennom kommunen og har faste stopp på Oppdal stasjon. I tillegg stoppar somme tog på Kongsvoll stasjon. Lokaltog stoppar på Fagerhaug stasjon.
Europaveg 6 går òg gjennom kommunen parallelt med Dovrebanen.
Den fyrste busetnaden i Oppdal har truleg vore knytt saman med rike jaktressursar i fjellstroka, men over tid har krysset mellom handelsvegane til Mørekysten og nordover til Trondheim lagt grunnlag for vekst.
Gravfeltet på Vang, eit gamalt maktsentrum, er landets største, med over 800 gravhaugar. Etter innhaldet i gravhaugane å døma har sauehald og foredling av ull vore ei hovudnæring i Oppdal i vikingtida. Etterspurnaden etter ull til råsegl var truleg stor, og ullhandel med kyststroka kan forklåra den store rikdomen gravgodset i gravhaugane avspeglar.
Oppdal kom seint med i Frostatinget, og fekk då tre målsmenn.
Pilegrimsleia til St. Olavs skrin gjekk gjennom Oppdal i mellomalderen. Det er nemnt fire kyrkjer her i mellomalderen: ei på Vang (vigd til St. Edmund), ei på Ålbu, ei ved Stavåa på Nordskogen, og Håkon Håkonsson reiste dessutan ei kyrkje på Lo i Drivdalen. Alle er no bortkomne, men det finst ei teikning frå 1600-talet av stavkyrkja på Vang, og Gerhard Schøning påviste restar av kyrkjemuren ved Stavåa. Kyrkja på Lo har sett spor etter seg i lokale stadnamn.
Samfunnet vart hardt ramma av Svartedauden.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oppdal kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.