Vikingtida

Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk historie som strekker seg frå siste del av 700-talet til midten av 1000-talet.

Ho var prega av vikingane, skandinaviske krigarar og handelsfolk som drog på tokt i Europa og spreidde vald og varer. Vikingtida overlappa og gjekk over i mellomalderen.

Vikingtida
Biledsten med seglskip frå Smiss på Gotland.
Vikingtida
Biledsten med seglskip frå 800-1099 frå Tjängvide på Gotland.

Avgrensing av vikingtida

Den angelsaksiske krønika nemner eit vikingtokt i Dorset i 787 evt., men tradisjonelt sett er det angrepet på klosteretLindisfarne i 793 som er rekna som start på vikingtida. Arkeologiske kjelder tyder likevel på at nordbuar dreiv handel og kanskje òg plyndring i Europa før dette. Utvikling av havgåande seglskip og handelsnettverk gjekk òg føre seg tidleg på 700-talet. Norske og engelske soger nemner slaget ved Stamford Bridge og slaget ved Hastings i 1066 som mogeleg avslutning av vikingtida.

Årsaker til at folk reiste i viking

Ein veit ikkje kvifor folk byrja dra i viking. Auka kongemakt og strenge straffer for plyndring i Noreg kan ha vore ei av årsakene. Forfattaren Torgrim Titlestad legg òg fram den trugande framferda til Karl den store i sin iver etter å kristne Europa som årsak. Særleg kan danane ha følt seg truga av frankarane etter at dei slost mot saksarane frå 770-talet. I år 782 skal Karl den store ha tvangsdøypt opp til 4500 saksiske mann ved byen Verden an der Aller i Niedersachsen for seinare å halshogge dei.


Kjelder

    Referansar
    Bibliografi
  • Jon Vidar Sigurdsson, Norsk historie 800-1300. Det norske samlaget, Oslo 1999
  • Krag, Claus, Norges historie fram til 1319. Universitetsforlaget, Oslo 2000

Bakgrunnsstoff

Tags:

Vikingtida Avgrensing av vikingtidaVikingtida Årsaker til at folk reiste i vikingVikingtida KjelderVikingtida BakgrunnsstoffVikingtida1000-talet700-taletEuropaKrigarMellomalderenSkandinaviaVikingane

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DurraSunnmøreJordaKelvinJamstellingsvedtaketJoachim av DanmarkOdalizerJeg vil hjem til menneskeneBokmålSpaniaLundefuglIrakISBNMolde kommuneHypernovaGjærLofotenSol InvictusSaudi-ArabiaLise AmundsenDet italienske flagget22. juniBloggJærenVik kommuneSwire SeabedUbehaget i kulturenÅkermans VerkstadTrekanthandelSigmaDavid CameronFilmjølkSkei i JølsterUngarnValgerd Svarstad HauglandNord-SulawesiPetrítsiFrode GryttenMellomalderenInnlandAmy WinehouseAnne RimmenØrsta kommuneSunndalsøraNasjonalplantarChris BrownLuganoIALA maritime bøyesystemCarles PuigdemontAndre pinsedagDen dominikanske republikkenStrilVerdsdelØyvind AlsakerEngelskSlapsSvastikaStrilamålGud signe maten på vårt bordStillehavetGranCowboy-LailaMS «Vega» (1938)HindutempelFormannskapMediaWikiDet Bergenske DampskibsselskabNattlysande skyerDetaljhandelPensjonVerdsvevenNazismeNasjonaldraktHaram kommuneMount Everest🡆 More