Olga Sergejevna Kutsjerenko (fødd 5.
november">5. november 1985) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Volgograd. Ho tok i 2011 VM-sølv i lengdehopp, ein medalje ho vart frådømd i 2017.
Kutsjerenko hoppa seg inn i verdseliten i øvinga i 2009-sesongen då ho som best landa på 6,91 m. 27. mai 2010 presterte ho sitt livs lengste hopp, under særs gunstige tilhøve i Sotsji vart ho målt til 7,13 meter. Vel to månader seinare vann ho bronsen ved europameisterskapen i Barcelona.
I 2011 kneip Kutsjerenko sølvmedaljen med eit hopp på 6,77 m då friidretts-VM ved fann stad i Daegu. Fem år seinare viste ein retest av dopingprøva hennar spor etter ulovlege midlar. I 2017 vart ho frådømd medalja.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olga Kutsjerenko, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.