Ole-Johan Dahl (fødd 12.
oktober">12. oktober 1931 Mandal, død 29. juni 2002) var ein norsk informatikar. Han vart i 1968 den første professoren i informatikk i Noreg. Han er internasjonalt kjend som ein pioner innan objektorientert utvikling.
Ole-Johan Dahl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. oktober 1931 Mandal kommune |
Død | |
Yrke | informatikar, ingeniør, universitetslærar |
Språk | norsk, engelsk |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi, Academia Europaea |
Ole-Johan Dahl avtente verneplikta ved Forsvarets Forskingsinstitutt frå 1952 under Jan Garwick. Cand.real.-avhandlinga hans frå 1957 var om høgnivå programmering for FREDERIC. Deretter arbeidde Dahl ved Norsk Regnesentral frå 1962. Han utvikla saman med Kristen Nygaard verdas første objektorienterte programmeringsspråk, Simula i 1965. Dette blei lansert internasjonalt i 1967. Objektorientering blir rekna som ei av dei verkeleg store nyvinningane i informatikken si historie. Simula danna grunnlaget for moderne språk som C++ og Java.
Ole-Johan Dahl blei professor i numerisk analyse ved Universitetet i Oslo i 1968. Han underviste mellom anna i kurs om verifisérbar programmering for å forbetre kvaliteten på dataprogram og redusere omfanget av programmeringsfeil. Han var vidare involvert i forsking og rettleiing for å automatisere bevisføring av program. Han skreiv også lærebøker.
Dahl var også ein av dei drivande kreftene for å bygge opp Institutt for Informatikk ved Universitetet i Oslo, der han arbeidde til 31. desember 1999.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ole-Johan Dahl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.