Olav Kaste (8.
oktober">8. oktober 1902–13. mai 1991) var ein norsk forfattar og lærar. Han var fødd og budde i Heddal i Telemark. Han debuterte som lyrikar i 1946 med samlinga La visne dei blomar.
Olav Kaste | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. oktober 1902 |
Død | 1991 (88 år) |
Yrke | skribent, lærar, lyrikar |
Eit menneske å snakke med. Eg ropar på ein lidingsbror, Men flør da kje og fargar duk Olav Kaste «Eg ropar» frå Norske dikt frå Edda til i dag. |
Kaste gjekk Sagavoll ungdomsskule i 1920 og på Notodden lærarhøgskule frå 1921 til 1924. Etter lærarskulen arbeidde han i ulike vikarstillingar i Lisleherad og Jondalen, før han i 1927 fekk fast tilsetjing ved Nordbygda skule i heimbygda Heddal. Her arbeidde Kaste til han gjekk av med pensjon i 1970. Av diktsamlingar kan ein nemne Og det vart morgon (1965), der han syner seg som ein sterk, ekte og kjenslevarm lyrikar.
Attåt diktsamlingane har Kaste skrive mange enkeltdikt og songar, mellom anna «Heddal-songen». Songen har blitt tonesett av både Sigmund Groven og Sparre Olsen. Førstnemnde var nabo av Kaste i oppveksten, og har tonesett fleira av dikta hans. Geirr Tveitt og Sylke Feldhusen har òg sett melodi til Kaste sine dikt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Olav Kaste, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.