Obsidian er ein bergart som òg vert kalla naturleg glas som har same samansetnad som rhyolitt.
Han er ei ikkje-krystalinsk omforming av lava saman med andre stoff som har vorte kjapt avkjøla etter vulkansk aktivitet. Hovudinnhaldet i obsidian er SiO2 (silika).
Obsidian | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Vulkansk glas | ||
Kjemisk formel | 70–75% SiO2, pluss MgO, Fe3O4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Mørk svart | ||
Brot | Muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 5–6 | ||
Glans | Glasaktig | ||
Spesifikk vekt | ~2,4 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Gjennomsiktig | ||
Kjelder |
Lavamasser som er rike på silika størknar ofte som glasbergarter som inneheld meir eller mindre vatn. Vassfattige varietetar blir kalla obsidian og splintrar opp i skarpkantede svarte eller mørke flak med gjennomskinnelege kantar. Vassrike (opptil 10 % vatn) kallast bekstein, medan dei skumaktig porete og oppblåste blir kalla pimpstein. Vulkansk glas med konsentrisk oppsprekking (pga kontraksjon ved avkjøling) vert kalla perlitt.
Obsidian har namnet etter ein person i antikkens Roma, Obsius, som fann slikt naturleg glas i Etiopia og tok det med heim. Men arkeologiske funn frå steinalderen i Mellom-Austen og funn på det amerikanske kontinentet syner at obosidian har vore kjend i uminnelege tider som eit framifrå råstoff til å lage pilspissar og skjerereiskap av, då det lett kan spaltast til skarpe flak som om naudsynt kan verte så tynne at dei har vore nytta i moderne tid som blad til skalpellar (operasjonsknivar).
I Norden er obsidian funne på Island, framfor alt i Landmannalaugar, men òg fleire andre stader. Det islandske namnet for obsidian er hrafntinna.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Obsidian, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.