Nintendo Land er eit selskapsspel utvikla og utgjeve av Nintendo.
Spelet vart først annonsert under E3 2012 under pressekonferansen til Nintendo og utgjeve same året som ein lanseringstittel til Wii U.
Nintendo Land | |||
| |||
Utviklar(ar) | Nintendo EAD | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo | ||
Distributør | Nintendo eShop | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Takayuki Shimamura Yoshikazu Yamashita | ||
Produsent(ar) | Katsuya Eguchi | ||
Plattform(er) | Wii U | ||
Utgjeving | NA: 18. november 2012 EU: 30. november 2012 JP: 8. desember 2012 | ||
Sjanger | Selskap, eventyr | ||
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | http://nintendoland.nintendo.com |
Nintendo Land inkluderer tretten spel, der tolv av dei baserer seg på ein eksisterande Nintendo-serie, som Mario og The Legend of Zelda. Spela blir framstilte som attraksjonar i den fiktive, eponyme moroparken Nintendo Land og er laga for å demonstrere konseptet med Wii U og Wii U GamePad-kontrollen for nye spelarar, på same vis som 2006–spelet Wii Sports skulle demonstrere Wii og Wii Remote.
Nintendo Land har selt 5,19 millionar kopiar per 31. mars 2019, og er det femte mestseljande spelet på Wii U.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nintendo Land, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.