Nikolaj I av Russland (6.
juli">6. juli 1796–2. mars 1855) var tsar av Russland og konge av Polen mellom 1825 til han døydde i 1855.
Nikolaj I var kjend for eit despotisk styre og dreiv et stort hemmeleg politi og eit nettverk av spionar. Utanrikspolitisk sett var han sterkt mot revolusjonar. Han tilbydde militær stønad til å slå ned revolusjonar kringom i Europa, og fekk tilnamnet «Europas politimann». I 1830 avskaffa han det polske kongedømet etter ein revolusjon og gjorde Polen til ein russisk provins.
Han var son av Paul I av Russland og Sophie Marie Dorothea av Württemberg. Nikolaj I var yngre bror av Aleksander I av Russland, som han etterfylgde som tsar. Han gifte seg med Charlotte av Preussen (1798-1860). Ho vart som gift kalla Aleksandra Fjodorovna. Charlotte var dotter av Fredrik Wilhelm III av Preussen og Louise av Mecklenburg-Strelitz.
Nikolai og Alexandra fekk desse borna:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nikolaj I av Russland, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.