Nick Cave (fødd 22.
september">22. september 1957) er ein australsk musikar og forfattar. Cave er fødd og oppvaksen i delstaten Victoria.
Nick Cave | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 22. september 1957 (66 år) Warracknabeal |
Yrke | skodespelar, songar, komponist, romanforfattar, skribent, librettist, manusforfattar, pianist, songar-låtskrivar, låtskrivar, filmregissør, musikar |
Språk | engelsk |
Medlem av | Nick Cave and the Bad Seeds, Grinderman, The Birthday Party, The Boys Next Door |
Ektefelle | Susie Bick |
Nettstad | http://nickcave.com/, https://www.theredhandfiles.com/ |
Nick Cave på Commons |
Storparten av karrieren har han spelt (og spelar framleis) saman med bandet The Bad Seeds (1996), og plateugjevingane deira er nesten alltid titulerte med Nick Cave and The Bad Seeds. Cave har gjeve ut ei lang rekke plater, der Murder Ballads truleg kan reknast som ei av dei største.
Cave har hatt ei lang karriere, men vart verkeleg kommersielt kjend då han spelte inn duetten «Where the wild roses grow» med Kylie Minogue i 1995. Where the wild roses grow overraska både fans og musikkinteresserte, då dei musikalske stilartane Cave og Minouge nyttar skil dei sterkt frå kvarandre.
Nick Cave er kjend for å ha ein særs mørk og dyster stil. Mange av songtekstane hans handlar om død og elende. Songstilen vert definert som rock.
I 1989 kom boka And the Ass saw the Angel ut første gongen. Boka har seinare vorte omsett til eit utal språk, mellom anna norsk første gongen i 1994 og seinare nytt opplag i AlfaOmega-serien på H. Aschehoug & Co i 2002. På norsk heiter boka Eselet så Herrens engel.
Eselet så Herrens engel er ein gripande roman som tek for seg ekstremt religiøs pietisme i eit oppdikta sørstatssamfunn i USA. I boka let Cave hovudpersonen vere forteljaren, som er ein gut i tenåra og den einaste attlevande av ein innavla og særs valdeleg familie. Gjennom heile boka les ein kva den ustabile guten tenkjer om det han sjølv gjer og det som hender rundt han.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nick Cave, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.