Nardo Fotballklubb er eit norsk idrettslag med base i bydelen Nardo i Trondheim, stifta 14.
januar 1971. Laget er som namnet seier ein rein fotballklubb. Nardo spelar i rustraude trøyer og elles kvite fargar. I 2015 hadde fotballklubben kring 600 medlemer. A-laget for menn spelar i 2. divisjon avdeling 2 (2020).
Nardo Fotballklubb | |||
| |||
Skipa | 14. januar 1971 | ||
---|---|---|---|
Liga | 2. divisjon fotball for menn | ||
Land | Noreg | ||
By | Trondheim |
Nardo FK vart stifta av tidlegare medlemer i Nidelv Idrettslag. Gjennom 1970- og 1980-åra spelte klubben i den lågare lokale divisjonane i seriesystemet. I byrjinga av 1990-åra tok Nardo steget opp på nasjonalt nivå og spelte i åra mellom 1993 og 1996 på nivå to i norsk fotball. Roar Stokke, Arild Nordfjærn og Odd Inge Olsen var spelarar som utmerka seg i desse åra. Sidan 1997 har Nardo veksla mellom å spele på nivå tre og fire i serieordninga.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nardo Fotballklubb, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.