N'Golo Kanté (fødd 29.
mars">29. mars 1991) er ein fransk fotballspelar som i 2018 vart verdsmeister med Frankrike sitt landslag under meisterskapen i Russland. Han er ein defensiv midtbanespelar som sidan 2016 har spelt på den engelske fotballklubben Chelsea FC.
N'Golo Kanté | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 29. mars 1991 (33 år) Paris |
Idrett | fotball |
Tok del i | EM i fotball 2016, VM i fotball 2018, Kvalifisering til VM i fotball 2018 (UEFA), gruppe A |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen |
Kanté spelte på tredjedivisjonslaget US Boulogne i 2012/13-sesongen. Dei to neste sesongane utmerkte han seg i SM Caen, på eit lag som i 2014 rykte opp i den franske toppserien. Sommaren 2015 vart han overført til engelske Leicester City. Her bidrog han mykje til at klubben frå Leicester mykje overraskande gjekk heilt topps i den engelske ligaen 2016. To månader seinare gjekk turen vidare til Chelsea FC, også med London-klubben vart Kanté ligameister i sin fyrste sesong på laget. I mai 2018 var han med å vinne FA-cupfinalen 1-0 mot Manchester United.
Kanté fekk sin landslagdebut i mars 2016 og spelte fire av kampane då Frankrike same året tok seg til finalen i Fotball-EM på heimebane. Han kom ikkje på bana i sjølve finalen, ein kamp Portugal vann med 1-0 etter ekstraomgangar. Under verdsmeisterskapen 2018 i Russland deltok Kanté i alle Frankrike sine kampar, også i VM-finalen i Moskva der Frankrike vann Rimet-pokalen med siger 4-2 mot Kroatia. Pr juli 2018 har Kanté spelt 31 landskampar og skåra eitt mål.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article N'Golo Kanté, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.