Anthony's Song Movin' Out

«Everybody Has a Dream» (US)

Movin' Out (Anthony's Song)
Singel av Billy Joel
frå albumet The Stranger
B-side

Utgjeve 1. november 1977
Innspelt 1977
Sjanger Rock
Lengd 3:28
Selskap Columbia
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«Just the Way You Are»
(1977)
Movin' Out (Anthony's Song) «Only the Good Die Young»
(1977)


«Movin' Out (Anthony's Song)» er ein song skriven og framført av Billy Joel. Songen handlar om korleis Joel sterkt mislikar arbeidar- og lågare mellomklassefolk i New York som strevar med å arbeide lange dagar berre for å syne til at alle at dei har «gjort det godt». Figurane det vert sungen opp har stereotypiske, etniske namn (Anthony, Mama Leone, Sergeant O'Leary, Mr. Cacciatore) og arbeidarklassejobbar. Joel meiner det er fåfengt at dei støyter frå seg arbeidsklasserøtene sine (bytar ut ein Chevy med ein Cadillac og kjøper hus i Hackensack i New Jersey) og til slutt er prisen eit «hjarteattak» eller «ein øydelagd rygg». Bilen ein kan høyre mot slutten av songen er bassisten Doug Stegmeyer sin Corvette frå 1960.

I følgje Joel er ikkje Anthony ein verkeleg person, men heller alle «irar, polakkar og italienarar som prøver å tene til sitt daglege brød i USA».

«Movin' Out» vart opphavleg gjeven ut i 1977 på albumet The Stranger. Eit konsertopptak vart gjeven ut på 2000 Years: The Millennium Concert.

Broadway-musikalen

Twyla Tharp laga ein Broadway-musikal kalla Movin' Out, som bestod av songar av Billy Joel. Premieren var ved Richard Rodgers Theatre i New York City den 24. oktober 2002, og det vart halde 1307 framsyningar før han lukka i desember 2005. Pianisten og songaren i musikalen var Michael Cavanaugh. Musikalen drog på turné i USA frå 2004 til 2007 med Darren Holden i hovudrolla. Showet vart sett opp på Apollo Victoria Theatre i West End i London den 10. april 2006. James Fox hadde då hovudrolla. Det vart lagt ned tidleg, den 22. mai, på grunn av dårleg bilettsal.

Andre versjonar

Songen er framført av:

  • The Format (live)
  • Indiebandet The Pale Pacific
  • Ska-bandet The Supervillains
  • Bethany Joy Galeotti (under 'One Tree Hill Tour').
  • David Cook på turneen i 2011
  • Phillip Phillips på American Idol
  • Bayside på Covers Volume #1
  • Blaine Anderson (Darren Criss) og Sam Evans (Chord Overstreet) på Glee.

Samplingar

Songen er sampla av The Diplomats på sporet «You Oughta Know» (produsert av The Heatmakerz), og beaten vart nytta av Das Racist på eit spor med same tittel på albumet Shut Up, Dude.

Songen kan høyrast i The Wolf of Wall Street.

Lister

Liste (1977) Plassering
Australian Singles Chart 99
Canada 11
New Zealand 31
UK Singles Chart 35
U.S. Billboard Hot 100 17
Cashbox-lista 14
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 40

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Anthony's Song Movin' Out Broadway-musikalenAnthony's Song Movin' Out Andre versjonarAnthony's Song Movin' Out ListerAnthony's Song Movin' Out KjelderAnthony's Song Movin' Out BakgrunnsstoffAnthony's Song Movin' Out

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SionistFilmen Harry Potter og fangen fra AzkabanProfessor emeritusAlberte-trilogienTorstein FlakneLiv Grete SkjelbreidRokadeHalelause padderAdjøTredje påskedagVestfold fylkeAre KalvøTitreringAli Baba og dei førti røvaraneNoregThe BeatlesTranebærElvar i FrankrikeHeilage onsdagLæringsteorien konstruktivismeDeventerTeknologiLysingKosmogoniNonHadjJohannespasjonen av BachFiskebankeMA4MeisefamilienKasusBreivikbotnFonetisk alfabetFristaden ChristianiaBodø kommuneTørkeSilvestre y La NaranjaKåre Magnus BerghNitrogenBaltimoreSvartedauenKanye WestMeranoElon MuskArve OpsahlElvis Presleydqgy5Edvard VII av StorbritanniaQueenFareskiltNaturgjødselGreenwich middeltidHarry PotterKroatiaHenrik II av FrankrikeEselWiki CommonsGramKnuskkjukeHotel Union ØyePanterAustraliaNéa MádytosMeter per sekundDe Long-øyaneDet republikanske partiet i USAGeitetårnOkhotskhavetLinda MedalenDavid Ben-GurionAndregradslikningAndre påskedag🡆 More