Moselova

Moselova er lova som Gud i følgje Bibelen gav til Moses på Sinai etter at israelittane hadde forlate Egypt.

Moselova var grunnlaget for israelittane sitt religiøse liv. Den dag i dag spelar Moselova ei rolle innan jødedommen, som brukar namnet Torá på dei 5 Mosebøkene.

Den sentrale delen av Moselova er Dei ti bodorda. I alt består lova av 613 bod — om offer og religiøse seremoniar, om rituell reinleik og kva ein kan ete, og også om brotsverk og straff. Eit viktig bod var at ein skulle halde sabbaten.

Den rabbinske jødedommen fører Moselova vidare gjennom tolkingstradisjonen «halakhá», som blant anna kjem til uttrykk i bøkene Misjná, Talmúd, Misjné Torá, Arba‘á turím og Sjulḥán ‘arúkh. Tolkinga er under stadig utvikling. Ein del av boda, og da særleg dei om tempelet, blir i all hovudsak rekna som sovande i dag. Mange andre bod har forlate den bokstavrette tolkinga dei truleg hadde for tre tusen år sidan og blir tolka i mildare eller strengare retning ut frå utviklinga av den jødiske sivilisasjonen og av samfunnet elles.

Eitt hovudsyn i kristendommen er at ikkje Moselova gjeld lenger, sjølv om mange kristne legg stor vekt på dei ti boda. Apostelen Paulus seier i brevet sitt til romarane, kapittel 10, vers 4 at lova står i motsetning til nåden og at lova er avskaffa gjennom Kristus. Dei aller fleste retningane av kristendommen følgjer difor ikkje påbod om omskjering, kosthald og sabbat. Eit mindretal av kristne, særleg adventistar og mange unitarar, følgjer større eller mindre delar av Moselova.

Sjå også

Tags:

BibelenEgyptGudJødedommenMosesSinaiTorá

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ROBEKJonsokNorske passasjerar ombord på RMS «Titanic»HundMetroen i MoskvaThespiésAfrikansk matHolocaustMagnus CarlsenAtommodellProsaAutoritetsdataSkhimatáriKim HaugenOffentleg eigedomFader vårDei sameinte arabiske emirataNautisk milSlumdog MillionaireUrfolkSamfunnKonfutseIrakHlíðarfjallSvake substantivAnimeYafaBiologisk familieSamisk musikkSjøløverIALA maritime bøyesystemAlderspensjonTsjekkiaFriksjonMilanoAleksander I av RusslandVerktøyet filSosialdemokratiKoboltMont Saint-MichelBrad PittHydrogenLohengrin sjokoladeCascadaVoss heradAnne RimmenDan Børge AkerøSolaSang til BergenMyrlikKrøllparentesPelle PolitibilSkytjeMikroCanadaIKEAVM i fotball 2022Pink FloydNanbudoAustraliaBetasuppeMorellSara SkjoldnesGarfieldMarte GerhardsenSkulemål i Nord-NoregAnne HoltPlateésNato-alfabetetFurieTønsberg kommuneEmma EllingsenAngolaNynorsk nettleksikonLongyearbyenDet norske flagget🡆 More