«Michelle» Singel av The Beatles frå albumet Rubber Soul | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1966 | |
Innspelt | Abbey Road Studios 17. juni, 12. oktober - 11. november 1965 | |
Sjanger | Folkrock, jazz | |
Lengd | 2:40 | |
Selskap | Parlophone Records | |
Komponist | Paul McCartney, John Lennon | |
Tekstforfattar | Paul McCartney, John Lennon | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Day Tripper» (1966) | «Michelle» | «Paperback Writer» (1966) |
«Michelle» Singel av Overlanders | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1966 | |
Sjanger | Folkrock, jazz | |
Komponist | Paul McCartney, John Lennon | |
Tekstforfattar | Paul McCartney, John Lennon |
«Michelle» er ein ballade av The Beatles, hovudsakleg skrive av Paul McCartney. Songen vart gjeve ut på Rubber Soul i 1965. Songen skil seg ut frå dei fleste andre Beatles-songar ved at delar av teksten er på fransk.
«Michelle» spring ut frå den franske Left Bank-kulturen i tida då McCartney budde i Liverpool. McCartney var i denne tida på ein fest med kunststudentar då ein student med bukkeskjegg og stripete t-skjorte song ein fransk song. McCartney skreiv ein parodi på songen for å underhalde venene sine med fransk-liknande liksom-ord i staden for verkelege ord. Songen vart stadig teke fram på festar fram til 1965 då John Lennon førslo at McCartney gjorde ein skikkeleg song av han som kunne nyttast på Rubber Soul.
McCartney valde å halde seg til den franske stilen og bad Jan Vaughan, ein fransk lærar og kona til ein gammal ven, om å gje han eit fransk namn og ei setning som rimte. Vaughan kom med «Michelle, ma belle» og etter eit par dagar spurte McCartney ho om ho kunne setje om setninga «these are words that go together well» — sont des mots qui vont très bien ensemble. Då McCartney spelte songen for Lennon førelo Lennon mellompartiet med «I love you». Lennon var inspirert av ein song han hadde høyrt kvelden før, Nina Simone si innspeling av «I Put a Spell on You», som nyttar same frase, men med trykk på siste ordet, «I love you».
«Michelle» vann Grammy Award for Song of the Year i 1967.
Songen var ein stor hitt i 1966 med Overlanders, som spelte inn songen etter at Beatles sjølv ikkje ville gje han ut på singel i Storbritannia og USA. Begge versjonar vart derimot gjeve ut i enkelte land, som Noreg der begge to gjekk heilt til topps. The Beatles si utgåve erstatta Overlanders si utgåve på toppen av lista tidleg i 1966 og låg på førseplassen i heile ni veker. Den same songen låg altså til saman ti veker samanhengande på toppen av VG-lista.
«Michelle» vart òg gjeve ut av David and Jonathan, som fekk ein liten hit med songen i 1966.
Songen er òg spelt av Ben Harper i reggae-stil og av the Four Tops, Tommy Emmanuel og Booker T. & the MGs.
Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) | 3 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern) | 1 |
Fransk EP-liste | 1 |
Tyskland (Media Control AG) | 6 |
Nederland (Mega Single Top 100) | 1 |
New Zealand | 2 |
Noreg (VG-lista) | 1 |
Føregangar «You Were On My Mind» Barry McGuire | Toppen av VG-lista Overlanders Veke 7–1966 | Etterfylgjar «Michelle» The Beatles |
Føregangar «Michelle» Overlanders | Toppen av VG-lista The Beatles 9 veker, Veke 8–16 1966 | Etterfylgjar «Barbara Ann» The Beach Boys |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Michelle av The Beatles, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.