Seen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017

«Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)» er ein songs kriven og spelt inn av Billy Joel for albumet Turnstiles i 1976.

Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)
Song av Billy Joel
frå albumet Turnstiles
Utgjeve Mai 1976
Innspelt Ultra Sonic Studio i Hempstead, NY
Sjanger Rock
Lengd 5:12
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Billy Joel

Det er òg gjeve ut fleire konsertopptak av songen. Han framførte songen på veldedigheitskonsertane The Concert for New York City for offera etter 11. september-åtaket i 2001, og fjernsynsprogrammet Hurricane Sandy: Coming Together for offera etter orkanen Sandy i 2012 og 12-12-12: The Concert for Sandy Relief. I 2012-versjonen vart teksten endra for å passe til skadane orkanen hadde gjort.

Bakgrunn og historie

Turnstiles vart skriven etter Billy Joel kom heim til New York etter å ha budd i Los Angeles i tre år. Fleire av songane er knytte til denne overgangen, mellom anna «Say Goodbye to Hollywood» og «New York State of Mind».

Under eit foredrag i 2001 forklarte Joel at han skreiv songen medan han budde i Los Angeles i 1975, då New York City var ein by full av kriminalitet og sosial uro. Joel sa at folk i Los Angeles, inkludert folk frå New York, gjorde narr av New York og problema deira. Joel tenkte «Om New York er på veg ned sluktet, så reiser eg attende til New York». Han forklarte at songen gjev eit bilete av ein apokalypse i New York, «the skyline tumbling down, this horrendous conflagration happening in New York City.» Joel sa at songen vart kalla «Miami 2017» fordi mange frå New York flyttar til Miami som pensjonistar og forteljaren fortel denne soga til barnebarnet sitt i år 2017 om den gong han var vitne til øydelegginga av New York.

Joel har skildra det som ein «science fiction-song om ein apokalypse i New York som følgje av hendingane i byen i 1970-åra New York var på randen av konkurs og fekk avslått eit bøn om hjelp frå staten. Dette førte til den kjende overskrifta i New York Daily News som sa «Ford to City: Drop Dead».

Etter 11. september 2001

Kort tid etter terroråtaket 11. september 2001 framførte Billy Joel songen på konserten den 20. oktober 2001. Joel sa på slutten av songen, «Eg skreiv songen for 25 år sidan. Eg trudde det skulle vere ein science fiction-song. Eg trudde aldri at det faktisk skulle skje. Men i motsetnad til slutten av songen, me skal ikkje dra nokon stad!» - noko som vart møtt med stor applaus.

Andre versjonar

«Miami 2017» vart spelt inn av Richard Marx i 1993 og gjeven ut som bonusspor på internasjonale versjonar av albumet Paid Vacation.

Konsertopptak

Det finst åtte konsertopptak av songen tilgjengeleg:

Album/DVD Utgjeve Innspeling Stad Merknad
Songs in the Attic 1981 Juni 1980 Madison Square Garden Opningsspor
Billy Joel: Live at Yankee Stadium 1990 Juni 1990 Yankee Stadium
The Concert for New York City 2001 22. oktober 2001 Madison Square Garden 9/11 veldedigheitskonsert
12 Gardens Live 2006 2006 Madison Square Garden
Last Play at Shea - DVD og CD 2008 2008 Shea Stadium Teksten endra for for Shea Stadium og New York Mets
The Stranger 30th Anniversary Edition 2008 Juni 1977 Carnegie Hall
The Stranger 30th Anniversary Edition DVD 2008 1978 BBC's The Old Grey Whistle Test Send ein gong på BBC 2
12-12-12: The Concert for Sandy Relief 2012 12. desember 2012 Madison Square Garden Veldedigheitskonsert for orkanen Sandy

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Seen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017 Bakgrunn og historieSeen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017 Etter 11. september 2001Seen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017 Andre versjonarSeen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017 KonsertopptakSeen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017 KjelderSeen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017 BakgrunnsstoffSeen The Lights Go Out On Broadway Miami 2017Billy JoelTurnstiles

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SovjetunionenBjørkerisValborgsmesseaftanØstenstadHaillDan Børge AkerøBrunbjørnReinTiulenijHammarby IF FFCowboy-LailaLotta i BråkmakergataØresundbruaTrettiårskrigenPink FloydBergen kommuneLondonPer Paust1968Byar i HellasVolda kommuneGalileo GalileiRørvikEtterretningsbataljonenSang til BergenRasofiel RiseInformasjonskapselLønnPN-overgangNynorsk WikipediaVelosiped25. aprilFreie Demokratische ParteiDamplokomotivSpeleautomatC++Biologisk familieHadjOmanMikroTalordSupermannSvartedauenDet norske flaggetUkrainaMøre og Romsdal fylkeDen muslimske verdaMjøsaHundHaakon Magnus av NoregBulgariaRagnar LodbrokBjørnPannemerke i hinduismen330 skvadronHanamiØstfold fylkeJomfruAmalie SkramCarles PuigdemontSvart kattGro DahleSandveEmma EllingsenMyrlikProsaBrennverdiNasjonalsteinJohann Sebastian BachJon FosseCelsiusNoahH.C. Andersen🡆 More