Meseret Defar Tola (fødd 19.
november">19. november 1983) er ein etiopisk langdistanseløpar som spesialiserer seg på 3000 og 5000 meter for kvinner. Ho hadde verdsrekorden på 5000 meter frå 2006 til 2008, då han blei slått av landsmannen Tirunesh Dibaba.
Meseret Defar | |
Meseret Defar i Doha, 2010 Foto: Erik van Leeuwen | |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 19. november 1983 (40 år) Addis Abeba |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Den fyrste OL-medaljen for Meseret Defar var ein gullmedalje på nettopp 5000 meter under sommar-OL 2004 i Athen. I sommar-OL 2008 i Beijing enda ho på tredjeplass på den same distansen, slått av gullvinnaren Tirunesh Dibaba og tyrkiske Elvan Abeylegesse. Under sommar-OL 2012 var Defar igjen i toppform og sprang seg til ein ny gullmedalje på 5000 meter.
Meseret Defar vart også verdsmeister på 5000 meter under VM i friidrett 2007 i Osaka og har ei lang rekkje andre medaljar frå internasjonale meisterskap.
Ho fekk Bislett-medaljen i 2007.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Meseret Defar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.