Elvan Abeylegesse (fødd 11.
september">11. september 1982) er ein tyrkisk mellom- og langdistanseløpar. Ho er fødd i Etiopia, men flytte til Tyrkia og fekk tyrkisk statsborgarskap om lag ved tusenårsskiftet. Ho har tevla på distansane 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter, 10 000 meter, to engelske mil og terrengløp.
Elvan Abeylegesse | |
Elvan Abeylegesse i Budapest i 2010. Foto: Erik van Leeuwen | |
Statsborgarskap | Etiopia, Tyrkia |
Fødd | 11. september 1982 (41 år) Addis Abeba |
Yrke | maratonløpar, friidrettsutøvar, langdistanseløpar |
Språk | tyrkisk |
Høgd | 159 centimeter |
Elvan Abeylegesse på Commons |
Ein av Abeylegesse sine største prestasjonar er då ho sette ny verdsrekord på 5000 meter under Bislett Games i Fana den 11. juni 2004. Rekorden vart på 14.24,68 og var nesten tre og eit halvt sekund betre enn den førre rekorden. For denne prestasjonen fekk ho Bislett-medaljen.
Frå friidretts-EM har Abeyelegesse ein bronse på 5000 meter frå Göteborg i 2006, sølv på 5000 meter frå Barcelona i 2010 og gull på 10 000 meter under same EM. Hennar einaste VM-medalje er sølv på 10 000 meter frå VM i friidrett 2007 i Osaka, då Tirunesh Dibaba vann.
I OL-samanheng har Abeylegesse to sølv; på 5000 meter og 10 000 meter frå sommar-OL 2008 i Beijing. Begge gongene gjekk gullet til etiopiske Tirunesh Dibaba. Det er også Dibaba som har den gjeldande verdsrekorden i 5000 meter for kvinner. Abeylegesse har likevel framleis europarekorden på 10 000 meter, som ho sette under OL i Beijing.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elvan Abeylegesse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.