Mehrgarh

Mehrgarh (urdu م‍ﮩ‍رگڑھ ) er ein arkeologisk funnstad frå yngre steinalder (neolittisk tid) frå ca.

7000 f.Kr. til 2000-talet f.Kr. Det ligg på Kachisletta i dagens Balutsjistan i Pakistan.

Mehrgarh
Relieffkart over Pakistan og nordvestre India som viser plasseringa av Mehrgarh, Harappa og Mohenjo-daro.
Mehrgarh
Ein kvinnefigur funnen i Mehrgarh frå ca. 3000 f.Kr.

Den eldste busetjinga her, i det nordaustre hjørnet av funnstaden, var ein liten landsby som var busett frå rundt 6500 f.Kr. Han er ein av dei eldste funnstadene med spor etter jordbruk og dyrehald i Sør-Asia. Ein dyrka kveite, bygg, jujube og dadlar og heldt storfe, sauer og geiter. Det blei drive handel slik at dei hadde tilgang på turkis frå Iran og Sentral-Asia, lapis lazuli frå dagens Nord-Afghanistan og skjel frå kysten av Arabiahavet. Boring i jekslar til fleire folk gravlagde på staden kan vera eit av dei eldste døme på tannlækjarkunst i historia.

Mehrgarh ligg på vestbreidda av Bolanelva og nær Bolanpasset, ein fjellovergang gjennom Toba Kakar-fjella i vestlege Pakistan, rundt 120 km frå den noverande grensa mot Afghanistan. Det ligg mellom dagens pakistanske byar Quetta, Kalat og Sibi og vest for Indusdalen. Funnstaden blir i dag rekna som ein forløpar for Induskulturen. Mehrgarh var busett samanhengjande fram til rundt 2600 f.Kr.

Området omfattar fleire menneskelaga høgder (kjend som tell i arkeologien). Staden blei oppdaga i 1974 av ei arkeologisk gruppe leia av franske Jean-François Jarrige og Catherine Jarrige. Det rundt 2 km² store området blei grove ut frå 1974 til 1986, og igjen frå 1997 til 2000. Dei arkeologiske sjikta går over 11 meter ned. Ein har gjort arkeologiske funn i seks haugar, til saman rundt 32 000 ulike leivningar.

Periodar

Arkeologar deler busetjingane av området inn i åtte periodar.

Mehrgarh-periode I

Periode I (ca. 7000 f.Kr.–5500 f.Kr.) høyrer til yngre steinalder. Han var akeramisk (utan bruk av keramikk og steintøy) fram til rundt 6000 f.Kr. Det tidlegaste jordbruket i området ser ut til å ha blitt utvikla av et halvnormadiske folk som til ein viss grad nytta plantar som kveite og bygg, og heldt husdyr. Jakt verker å ha vore hovudkjelda til kjøt, men etterkvart ser ein ut til å ha halde geiter og seinare zebufe.

Mehrgarh-innbyggjarane bygde enkle leirbygningar med fleire indre rom, vanlegvis fire. Bygningane med fire rom har eldstader og ber preg av å ha vore budde i, medan dei med fleire rom ikkje har det, og kan ha vore lagerbygningar. Ein har også funne eldstader i dei opne romma mellom husa. Mange av dei inneheld brende steinar eller leirkuler som ein reknar med har vore brukt til koking av mat. Pigment og fragment av veggar viser at husa kan ha vore måla raude eller med geometriske mønster i raudt og svart. Plassering av bygningane med nokså regelmessige opne rom imellom skil seg frå typiske steinalderbusetnader frå Vest- og Sentral-Asia, der ein gjerne har meir uregelmessige storleikar klynga tettare saman.

Det er funne talrike gravplassar frå denne tida, alltid med samanbøygde skjelett. Mange graver har omfattande gravgods som korger, stein- og beinreiskapar, perler, smykke og tidvis også dyreoffer. Rundt eller under fleire skjelett fann ein raud oker. Korgene kunne tettast med naturleg asfalt. Asfalt blei også brukt til å laga verktøy, til dømes til å festa steinblada på sigder til treskaft.

Både gravene og funn frå verkstader viser at ein laga ei rekkje pyntegjenstandar av skjel, kalkstein, turkis, lapis lazuli, sandstein og kleberstein. Dei små perlene og produksjonen av kvit kleberstein gjennom å varma han opp peiker på spesialisering i samfunnet allereie i denne tidlege perioden. Mot slutten av perioden byrja ein å produsera enkel keramikk.

Fysisk var gjennomsnittshøgda 170 cm for menn og 160 cm for kvinner, men nokre kvinner var opptil 175 cm høge. Dette peiker på generelt god helse og eit næringsrikt kosthald blant innbyggjarane. Gravane frå denne perioden inneheld også det eldste arkeologiske dømet på tannlækjarkunst. Ni individ hadde bora hol i jekslene.

Periode I høyrer til eit utgravingsområde som blir kalla MR3.

Mehrgarh-periode II og III

Periode II (5500 f.Kr.–4800 f.Kr.) og III (4800 f.Kr.–3500 f.Kr.) høyrer også til yngre steinalder, men brukte keramikk og etterkvart også kopar. Ein har gjort funn frå periode II i utgravingsområdet MR4 og frå periode III i MR2. Mange bygningar frå periode II er bygd oppå ruinar og nedslamma bygningar frå periode I. Mange av funna frå periode II liknar mykje på dei frå periode I, og vitnar om kontinuitet mellom periodane. Ein skilnad er likevel at gravene inneheld særs lite gravgods, bortsett frå nokre få perler i nokre av dei.

Frå periode II ser jordbruk ut til å ha vore hovudnæringa. Nokre av bygningane var tydeleg brukt som kornlager. Det meste, rundt 90 % av kornet, var bygg.

Frå periode II har ein gjort relativt få funn av steingods, men i periode III har mengda auka. Det finst døme på masseproduksjon, bruk av eldbor og pottemakarhjul. Ein har også funne statuettar menneske og dyr frå denne perioden.

Periode II og III er samtidige med busetjingar ved vestre del av Sør-Asia, som Rana Ghundai, Sheri Khan Tarakai, Sarai Kala, Jalilpur og Ghaligai.

Mehrgarh-periode IV, V og VI (3500 f.Kr.-3000 f.Kr.)

Periode IV var frå 3500 til 3250 f.Kr. Periode V var frå 3250 til 3000 f.Kr. og periode VI frå rundt 3000 BCE. Funn frå desse periodane høyrer til arkeologiområdet MR1.

Mehrgarh-periode VII (2600 f.Kr.-2000 f.Kr.)

Mellom 2600 f.Kr. og 2000 f.Kr. verker staden å ha blitt forlaten til fordel for den større, befesta byen Nausharo rundt 8 km unna. Historikaren Michael Wood føreslår at dette fann stad rundt 2500 f.Kr. På denne tida var Induskulturen i mellomsteget av utviklinga si.

Mehrgarh-periode VIII

Den siste perioden knytt til Mehrgarh er funne ved Sibri-gravlunden, rundt 8 kilometers unna Mehrgarh.

Kjelder

    Bibliografi

Bakgrunnsstoff

29°12′45″N 67°40′15″E / 29.21250°N 67.67083°E / 29.21250; 67.67083

Tags:

Mehrgarh PeriodarMehrgarh KjelderMehrgarh BakgrunnsstoffMehrgarhArkeologiBalutsjistanNeolittisk tidPakistanUrduYngre steinalder

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BloggHappy HumanOmanbuktaFrozenFaryngittSilvia av SverigeMiljøproblemHaakon Magnus av NoregPierre-Simon LaplaceOksygenPeter GabrielPolenVulkanar i ItaliaByar i OmanLeksikonTutrakanKjemisk formelMjøsaSkiáthosBokormHollandLofotenDet første krosstogetVerdas lengste skihoppBlåmannPetter SalstenBjørkefinkOppland fylkeEbba HultkvistPlatonForvandlingaMegawattKnut Marius DjupvikSpesifikk varmekapasitetGeostasjonær baneBizkaiaBiologisk familieUSAEtanLondonRekonvalesens24. aprilVladimir PutinMarikkenKolHydrogencyanidEli Skolmen RygDet ukrainske alfabetetGjegnabuVinter-OL 1988VaterbordCarles PuigdemontAsbjørnsen og MoeThessalíaSamleieSophie EliseNihilismeSamvirkelagRådyrEikefjord idrettslagSystem of a DownDigital object identifierBM-21GoiásSunnhordlandsdialektBo WiderbergTrabzonCristiano RonaldoNM i bryting 1974Nynorsk1. divisjon fotball for menn🡆 More