Maybe I'm Amazed

«Maybe I'm Amazed» er ein song skriven av Paul McCartney som først vart gjeven ut i 1970 på albumet hans McCartney.

Maybe I'm Amazed
Song av Paul McCartney
frå albumet McCartney
Utgjeve 17. april 1970
Innspelt 22. februar 1970
Sjanger Rock
Lengd 3:49
Selskap Apple
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney

McCartney dediserte songen til kona si, Linda, som hjelpte han kome seg gjennom oppløysinga av The Beatles.

Sjølv om den originale innspelinga aldri kom ut på singel, vart eit konsertopptak av det seinare bandet til McCartney, Wings, frå konsertalbumet Wings over America gjeven ut på singel. Denne versjonen vart ein hit i USA, der han nådde Topp 10, og nådde 28. plassen i Storbritannia.

I 2011 rangerte Rolling Stone «Maybe I'm Amazed» på 347. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Historie

McCartney skreiv songen i 1969, like før Beatles vart oppløyst. Han dediserte songen til kona Linda som hjelpte han gjennom den vanskelege tida. Sjølv om det meste av debutalbumet hans vart spelt inn i heimen hans i London, spelte McCartney inn «Maybe I'm Amazed» i EMI sitt Studio 2 i Abbey Road, same dagen som han spelte inn «Every Night». Han spelte alle instrumenta sjølv: gitar, bass, piano, orgel og trommer. Sjølv om McCartney avslo å gje ut songen på singel i 1970, vart han mykje spelt på radio verda over. Det vart laga ein musikkvideo med stillbilete av McCartney, kona Linda, stedottera Heather og dottera Mary, som først vart send i Storbritannia den 19. april 1970 og som ein del av ein episode på CBS Television sitt The Ed Sullivan Show.

Den originale studioversjonen av songen vert tona ut i staden for å bli avslutta, men McCartney skreiv seinare ei avslutning for konsertversjonar av songen. McCartney framførte denne først med Wings i Châteauvallon i Frankrike den 9. juli 1972.

Det vert rekna som ein av dei beste kjærleikssongane til McCartney og vart rangert på 347. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Konsertversjon

Maybe I'm Amazed
Singel av Wings
frå albumet Wings over America
B-side

«Soily»

Utgjeve 4. februar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Rock
Lengd 5:11
Selskap Capitol
Tekstforfattar Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi 
«Let 'Em In»
(1976)
Maybe I'm Amazed «Mull of Kintyre»
(1977)


Eit konsertopptak frå 1976 på albumet Wings over America kom ut på singel med bandet til McCartney, Wings den 4. februar 1977 og nådde 10. plassen i USA på Billboardlista, og 28. plassen i Storbritannia. Det finst òg andre konsertopptak på albuma Back in the U.S. og Back in the World.

Innhald

7"

  1. «Maybe I'm Amazed» – 5:11
  2. «Soily» – 5:10

12"-promosingel for Record Store Day 2013

Side A

  1. «Maybe I'm Amazed - Short Version (Mono)» – 3:43
  2. «Maybe I'm Amazed - Album Version (Mono)» – 5:11

Side B

  1. «Maybe I'm Amazed - Short Version (Stereo)» – 3:43
  2. «Maybe I'm Amazed - Album Version (Stereo)» – 5:11

Salslister

Vekeslister

Liste (1977) Plassering
Canada RPM Top Singles 9
UK Singles Chart 28
US Billboard Hot 100 10
US Cash Box Top 100 10

Årslister

Liste (1977) Plassering
Canada 96
US Cash Box 94

Medverkande

McCartney-versjonen

Wings Over America-versjonen

Andre versjonar

  • London-bandet Fickle Pickle gav ut «Maybe I'm Amazed» på singel i 1970 og fekk ein hit med songen i Nederlandet året etter.
  • Faces framførte songen på Fillmore East i 1970 og denne kom ut på albumet deira Long Player. Eit studioopptak art gjeven ut på singel før albumet kom ut.
  • Den 27. mai 2011 heldt den offisielle YouTube-kanalen til Paul McCartney ein «Maybe I'm Amazed Cover-konkurranse», der brukarar kunne sende inn videoar av seg sjølv der dei spelte ssongen. Vinnaren var den som fekk flest 'likes'. «Troubleclef» vart kåra til vinnaren.
  • Skodespelaren Keke Palmer og Jeremy Jordan framførte songen på filmmusikkalbumet til Joyful Noise.
  • Billy Joel spelte inn songen for hyllestalbumet The Art of McCartney.
  • Skodespelaren Jamie Dornan framførte songen i filmen Fifty Shades Freed.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Maybe I'm Amazed HistorieMaybe I'm Amazed KonsertversjonMaybe I'm Amazed SalslisterMaybe I'm Amazed MedverkandeMaybe I'm Amazed Andre versjonarMaybe I'm Amazed KjelderMaybe I'm Amazed BakgrunnsstoffMaybe I'm AmazedLinda McCartneyMcCartney av Paul McCartneyPaul McCartneySongThe Beatles

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1956Rune GerhardsenBarack ObamaSukroseOslo kommuneElektrisk motstandKéaVoss heradCanadaEstiskBieHunanBodø kommuneKnut den mektigeJordskokkRamnesSauWestern-musikkFinlandTinkerhestSang til BergenEaglesLunner IdrettslagAgnetha FältskogROBEKNasjonalplantarAlf PrøysenBergenÅlesundMarte GerhardsenGene ClarkLufttrykkEric Rücker EddisonKorvald-regjeringaJon BingMolde kommuneSjøroseStillehavetHjartelydMalovitsaVyByar i HellasProfessor emeritusFrostkjensleEigedomsmeklarDygdsetikkBjörn SkifsEngelskRabagastBrystbeinJohannesbrødtreNassau på BahamasTolvfingertarmHomerGrodagenTormod HaugenCarles PuigdemontRussisk matEero MäntyrantaTidslinje over norsk historieRumpeldunkKýthnosZaniar MatapourHeberty Fernandes de AndradeAnniken HuitfeldtEdward MordrakeOttomanRittmeisterMessebokNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1974Per HestetunSexyOpiumURLDet italienske flaggetDen apostoliske truvedkjenninga🡆 More