Marja-Liisa Kirvesniemi, til 1985 Marja-Liisa Hämäläinen, (fødd 10.
september">10. september 1955) er ein tidlegare finsk langrennsløpar frå Simpele i Södra Karelen. Ho var den store forgrunnsfiguren under vinter-OL 1984 i Sarajevo, der ho vann alle dei tre individuelle langrennsøvingane, i tillegg tok ho bronse for Finland på stafetten. I 1989 vart ho verdsmeister på 10 km og i stafett på finsk heimegrunn i Lahti, den siste VM-tittelen kom elleve år etter at ho på same staden hadde vunne sin fyrste internasjonale gullmedalje i nøyaktig same øvinga; 4x5 km stafett. Frå 1978 til 1994 vann Hämäläinen-Kirvesniemi 15 olympiske og VM-medaljar i langrenn; seks i gull, fem i sølv og fire i bronse. Fire av medaljane kom i stafettevlingar. Ho er gift med Harri Kirvesniemi.
Marja-Liisa Kirvesniemi | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 10. september 1955 (68 år) Simpele |
Yrke | langrennsløpar |
Høgd | 176 centimeter |
Ektefelle | Harri Kirvesniemi |
Marja-Liisa Kirvesniemi vart i 1989 tildelt Holmenkollmedaljen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marja-Liisa Kirvesniemi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.