Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på rundt 430 000 (i 2006) Byen er òg hovudstad i Føderasjonen Bosnia-Herzegovina og Republika Srpska, i tillegg til sentrum i Sarajevo kommune.
Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundrår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.
Sarajevo | |||
by | |||
| |||
Kallenamn: Den olympiske byen | |||
Land | Bosnia-Hercegovina | ||
---|---|---|---|
Region | Føderasjonen Bosnia-Hercegovina Republika Srpska | ||
Kommune | Sarajevo kommune | ||
Høgd | 500 m | ||
Areal | 142 km² | ||
Folketal | 429 672 (2006) | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Sarajevo 43°51′23″N 18°24′47″E / 43.856388888889°N 18.413055555556°E | |||
Kart over Bosnia-Hercegovina | |||
Wiki Commons: Sarajevo | |||
Nettstad: www.sarajevo.ba | |||
Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken vart den moderne byen til som eit ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet. Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sarajevo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.