Mari var ein viktig oldtidsby i Mesopotamia.
Han låg på vestbreidden av Eufrat søraust i noverande Syria, ikkje langt frå Irak. Staden der byen låg er i dag kjend som Tel el Hariri eller Tell Hariri.
Mari تل حريري, Tell Hariri | |||
by | |||
Ziggurat i Mari | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Region | Mesopotamia | ||
Fylke | Deir ez-Zor guvernement | ||
Distrikt | Abu Kamal | ||
Koordinatar | 34°32′58″N 40°53′24″E / 34.54944°N 40.89000°E | ||
Oldtidsbyen Mari 34°32′58″N 40°53′24″E / 34.549444444444°N 40.89°E | |||
Wiki Commons: Mari | |||
Historia til byen kan førast tilbake til 2000-talet f.Kr. Han blømde på 1000-talet f.Kr. under amorittisk styre. Rundt 1759 f.Kr. blei byen erobra og øyddelagd undeer babylonarkongen Hammurabi.
Byen blei gjenoppdaga av arkeologar i 1933. Utgravingar har avdekka over 25 000 leirtavler med akkadisk kileskrift. Dei var del av eit kongeleg arkiv, og gjev informasjon om samfunn, folk og skikkar i samtida.
På grunn av den syriske borgarkrigen blei utgravingane stoppa og væpna grupper tok over staden. Ein offisiell rapport fortalde at tjuvar særleg robba «det kongelege slottet, det offentlege badet, Ishtar-tempelet og Dagan-tempelet».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oldtidsbyen Mari, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.