Makalu er med 8 485 m det femte høgaste fjellet i verda.
Det ligg i fjellmassivet Mahalangur Himal i Himalaya, 14 km aust for Mount Everest på grensa mellom Tibet og Nepal. På den nepalesiske sida ligg det i Makalu-Barun nasjonalpark.
Malaku nepaliskrift मकालु | |||
Makaru (kinesisk skrift 马卡鲁山), pinyin Mǎkǎlǔ Shān limbu Makalungma | |||
fjell | |||
Makalu sett frå sørvest (Chamlang til høgre) | |||
Land | Nepal, Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Himalaya | ||
Fjellkjede | Himalaya | ||
Høgd | 8 485 moh. | ||
Primærfaktor | 2 378 m | ||
Sekundærfaktor | 17,21 km → Lhotse | ||
Koordinatar | 27°3′3″N 87°5′20″E / 27.05083°N 87.08889°E | ||
Lettast tilkomst | Høgfjellstur, bretur | ||
Førstestiging | Lionel Terray | ||
- dato | 15. mai 1955 | ||
Makalu 27°53′21″N 87°05′19″E / 27.889166666667°N 87.088611111111°E | |||
| |||
Makalu sett frå vest | |||
Wiki Commons: Makalu | |||
Hovudtoppen er isolert og med form som ein firesida pyramide. På Makalu-massivet ligg det òg to noko lågare toppar, Kangchungtse og sørausttoppen.
Makalu, hovudtoppen | 8 463 m |
Makalu, søraustoppen | 8 010 m |
Kangchungtse (Makalu II) | 7 678 m |
I tillegg blir Chomo Lonzo (7 818 m) rekna til Makalu-massivet. Fjellet ligg rundt fire km nord-nordaust for hovudtoppen, og er skild frå denne av ein om lag 7 200 m høg sadel. Med ei skardhøgd på 590 m har Chomo Lonzo status som ein sjølvstendig topp.
Det første forsøket på å klatre opp Makalu blei gjort av ein amerikansk ekspedisjon våren 1954. Dei prøvde å kome seg opp på sørsida av fjellet og nådde 7 100 m. Eit newzealandsk lag med blant anna Edmund Hillary som medlem prøvde også å klatre opp fjellet på om lag same tid, men kom aldri nemneverdig høgt opp på grunn av skade og sjukdom.
Hausten 1954 var ein fransk ekspedisjon dei første som nådde toppen av den mindre Kangchungtse.
Ein ni mann stor fransk ekspedisjon under leiing av Jean Franco var dei første som lukkast i å få klatrarar opp på hovudtoppen. 15. mai stod dei to første på toppen Lionel Terray og Jean Couzy. Dagen etter følgde Jean Franco, Guido Magnone og sherpaen Gyalzen Norbu, og til slutt Jean Bouvier, Serge Coupé, Pierre Leroux og André Vialatte den 17. mai. Dette var dei første ekspedisjonen som lukkast med å få alle deltakarane opp på ein 8000 meters-topp. Ruta dei opna går over Makalu La og er i dag normalruta, med tilnamnet «franskeruta».
I 1975 var Marjan Manfreda første til topps utan medbrakt oksygen.
Makalu var lenge den einaste 8000 meters-toppen i Nepal som ikkje var klatra i den offisielle vintersesongen. Mange kjende klatrarar mislukkast, til dømes Jean-Christophe Lafaille som er sakna etter eit forsøk vinteren 2005/2006. Den kvinnelege klatraren Nives Meroi mislukkast òg i forsøket sitt. Først opp vinterstid var Simone Moro og Denis Urubko, det skjedde 9. februar 2009.
21. april 2004 stod nordmannen Sven Gangdal på toppen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Makalu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.