Magnitogorsk

Magnitogorsk (russisk Магнитого́рск, tyder noko liknande 'magnetfjellbyen') er ein gruve- og industriby i Tsjeljabinsk oblast i Russland.

Byen ligg ved elva Ural og har eit av dei største jern- og stålverka i landet. Geografisk ligg byen på den austlege (sibirske) sida av dei sørlege Uralfjella. Byen har om lag 410 000 innbyggjarar.

Magnitogorsk
Магнитогóрск
Magnitogorsk statlege teknikske universitet
Magnitogorsk statlege teknikske universitet
Magnitogorsk statlege teknikske universitet
Flagget til Magnitogorsk Byåpenet til Magnitogorsk
Flagget til Magnitogorsk Byvåpenet til Magnitogorsk


Plassering
Magnitogorsk is located in Russland
Magnitogorsk
Styresmakter
Land Magnitogorsk Russland
Føderasjonssubjekt Tsjeljabinsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1929
1931
Borgarmeister Jevgeni Karpov
Geografi
Flatevidd
 - By

375,8 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

410 500
  1 092,3 /km²
Koordinatar 52°23′N 59°2′E / 52.383°N 59.033°E / 52.383; 59.033
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 455000–455051
Retningsnummer (tlf) (+7)3519
Bilnummer 74, 174
Nettstad: www.magnitog.ru

Historie

Den raske bygginga av Magnitogorsk stod i fronten av Josef Stalin sine femårsplanar på 1930-talet. Han var eit utstillingsvindauget for sovjetiske prestasjonar. Enorme reservar av jernmalm i området gjorde det til ein førsteklasses plassering for å bygge eit stålverk som kunne utfordre sine vestlege rivalar. Derimot hadde ein stor del av arbeidsstyrken, hovudsakleg tidlegare småbønder, særs få industrikunnskapar og liten industriell erfaring. For å løyse desse problemA kom fleire hundre utanlandske spesialistar for å leie arbeidet, mellom anna ei gruppe arkitektar under leeing av tyskaren Ernst May.

I følgje dei opphavlege planane skulle Magnitogorsk byggast etter inspirasjon frå Pittsburgh, som på den tida var det viktigaste senteret for stålproduksjon i USA. Han skulle følgje den same lineære byutforminga, med rader av liknande, store nabolagskvartal gåande parallelt med fabrikken, separert frå kvarandre med grønne belte. Planen var å plassere bustad- og produksjonsområda slik at reisetida vart minimalisert.

Men innan May hadde fullført planane sine for Magnitogorsk var bygginga av både fabrikken og bustadområda alt i gang. Den vidstrekte fabrikken og dei enorme rensesjøane gjorde at det var lite areal til overs tilgjengeleg til bygginga av byen og May måtte dermed teikne om busetnadane for å passe med det gjenverande området. Denne modifiseringen medførte ein by som var meir «tau-liknande» enn lineær.

Byen spelte ei viktig rolle under den andre verdskrigen.

Nyare tid

Åra etter perestrojka medførte store endringar i byen. Jern- og stålfabrikken vart omorganisert til eit aksjeselskap, Magnitogorsk Iron and Steel Works eller MISW, (russisk: Магнитогорский металлургический комбинат – Magnitogorskij metallurgitsjeskij kombinat eller MMK), som hjelpte med ombygginga av jernbanen og bygging av ny lufthamn.

Med uttøminga av dei store lokale reservane av jernmalm, har Magnitogorsk måtta importere råmaterial frå gruver nord i Kasakhstan.

Sjølv om industriområda er konsentrert på venstre side av elva Ural og dei fleste bustadområda ligg på høgre breidd, så er innbyggjarane framleis utsett for helsefarlege utslepp og fabrikkrøyk. Magnitogorsk vart nyleg oppført på ei liste over dei 25 mest forureina byane i verda, ei undersøking gjennomført av Blacksmith Institute. Forureiningane omfattar bly, svoveldioksid, tungmetall og annan luftforureining. I følgje det lokale sjukehuset er berre 1 % av barna i byen ved god helse. Lokalavisa refererer til at 72 % av barna fødd i byen er sjuke, medan berre 27 % hadde friske mødre.

Kjelder

    Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Magnitogorsk  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Magnitogorsk

Tags:

Magnitogorsk HistorieMagnitogorsk Nyare tidMagnitogorsk KjelderMagnitogorsk BakgrunnsstoffMagnitogorskJernRussisk språkRusslandSibirStålTsjeljabinsk oblastUralelvaUralfjella

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Mikhail GorbatsjovPumaNord-AmerikaMenneskeanatomiKielkanalenShetlandsbussenRomanésThe Ragpicker's DreamMarina OvsiannikovaBravoKari SvendsenBuddhismenImathíaNThank God It's ChristmasSjøløverA Short HikeDet greske alfabetetRonja RøverdatterByar i HellasUrfolk i USAWaylon JenningsPotenzaMakedonsk1965MogopThe GuardianÅndalsnesDoggerbankMidtbanespelarItaliensk salatFlash Gordon av QueenEl SalvadorBillboardEYacouba Isaac ZidaElvdalskHeartbreak HotelAugestikkararSvartehavetSafavidaneAmanda DelaraSindikíKåre Magnus Bergh1799Hundre års ensomhetPeriferieininga PéllaElektrisk filterHandball-VM 2015 for mennFilmen Harry Potter og ildbegeretLillebjørn NilsenHeine T. BakkeidStrålingsbalansen til jordaVasco da GamaArne DokkenFotball-VM 1982Diskografien til QueenBarriemore BarlowLandplantarMarokkoLipsíMelhusLeonid BrezjnevMaskorama (sesong 4)Fjols til fjellsVaskebjørnVladimir PutinDanmarkHonoluluUSAKortromanFareskiltHavreBrahmaputraPåskelamPåskeprosesjonMinar-e-PakistanNapoléon Bonaparte🡆 More