Mørke eller mørker er eit opplevd fråvære av lys.
Reint eller totalt mørke finst ikkje nokon stader sidan små mengder av lysemitterande partiklar i form av stråling trengjer inn i alle hjørne av universet, sjølv om det menneskelege auget ikkje kan oppdage lyset. Absolutt mørke er berre teoretisk mogleg under vilkåra for det absolutte nullpunktet.
Somme kulturar har sett på mørket som eit stoff i seg sjølv, og det oppstår i ei slik form i «fantasy-litteratur». I denne samanhengen er skugge eit anna namn på fenomenet.
Mørke har ein framtredande plass i metafysikk og religion, og er eit ladd symbol i filosofien.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mørke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.