Lyman (ukrainsk Лиман), kalla Krasnyj Lyman (ukrainsk Красний Лиман, 'Raude Lyman') frå 1925 til 2016, er ein by i Donetsk oblast i Ukraina.
Fram til 2016 var byen òg det administrative senteret i Lyman rajon, sjølv om han ikkje var ein del av rajonen. Byen er framleis senter i Lyman hromada. I 2011 hadde han eit folketal på 23 307.[treng kjelde]
Lyman | |||
ukrainsk Лиман | |||
by | |||
Jernbanestasjonen i Lyman | |||
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Donetsk oblast | ||
Høgd | 107 moh. | ||
Koordinatar | 49°39′N 38°21′E / 49.650°N 38.350°E | ||
Areal | 20 km² | ||
Folketal | 23 307 (2011) | ||
Grunnlagd | 1667 | ||
- Bystatus | 1938 | ||
Postnummer | 84400-84409 | ||
Lyman 48°59′10″N 37°48′40″E / 48.9861°N 37.8111°E | |||
| |||
Wiki Commons: Lyman (city) | |||
Nettstad: Лиманська міськрада | |||
Byen vart grunnlagd på 1600-talet av kosakkar som Liman (Lyman). Han fekk tilnamnet Krasnyj ('Raud') i 1925. Namnet vart endra tilbake til Lyman i 2016.
Under den administrative reforma som vart sett i verk i 1708 av Peter den store, vart Lyman eksplisitt nemnd som ein av byane som høyrde inn under Azov gubernija.
Under den russiske invasjonen av Ukraina 2022 vart store delar av byen øydelagd av russiske og pro-russiske åtak med bombefly, rakettar og artilleri, før byen vart okkupert 27. mai. Ved inngangen til oktober 2022 tok ukrainske styrkar byen tilbake.
I følgje folketeljinga i 2001 hadde Lyman denne folkesetnaden:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lyman, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.