Long Island er ei øy i den amerikanske delstaten New York.
Ho er rundt 190 km lang og 20–32 km brei, og deler seg i to greiner ved den austlege enden, kjende som North Fork og South Fork.
Long Island | |||
øy | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Storbyområdet New York | ||
Areal | 4 463 km² | ||
Folketal | 7 804 968 (1. januar 2014) | ||
Long Island 40°48′21″N 73°15′13″W / 40.805805°N 73.253616°W | |||
Wiki Commons: Long Island | |||
Vest på øya ligg fylka Kings og Queens, og aust for dei er fylka Nassau og Suffolk.
Geologisk er øya danna av to ryggar av istidsmorenar som hovudsakleg består av grus og laus stein over djupt grunnfjell. Teknisk sett er øya eigentleg ei halvøy skilt frå fastlandet av East River, eit tidvassestuar frå Hudsonelva. Den austre sida av øya er framleis delvis prega av landbruk, og inneheld no mange vingardar i tillegg til tradisjonelle gardsbruk. Fiske er òg ein industri på øya, i landsbyane Northport and Montauk.
Sidan andre verdskrigen har Long Island fått eit stadig større forstadspreg og er i nokre område fullt ut urbanisert. South Fork inkluderer området kjent som The Hamptons, som er ein populær sommarstad for velståande innbyggarar frå New York.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Long Island, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.