Logo (frå gresk for ord, tale) er ei nemning med engelsk opphav for slike merke som har fått ein særeigen grafisk utforming for å verte nytta som kjenneteikn for til dømes eit firma, ein organisasjon, eit spesielt produkt eller ein form for tenesteyting.
Ofte er ein logo offentleg registrert som varemerke.
Logoar kan utformast som strekteikningar eller flater i ein eller fleire fargar, og kan vere ei omarbeiding av kjende symbol som til dømes bokstavar, tal og andre slike teikn, ei stilisering av ein konkret figur eller bygning, eller ein heilt abstrakt fantasifigur. Eit fotografi av ein konkret ting, eit hus eller eit landskap, vert ikkje rekna som ein logo.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Logo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.