Live At Leeds

Live at Leeds
Konsertalbum av The Who
Språk engelsk
Utgjeve 23. mai 1970
Innspelt 14. februar 1970
Spelestad University Refectory ved Leeds University i Leeds
Sjanger Hardrock
Lengd 37:42
Selskap Decca, MCA
Produsent
    • Jon Astley
    • Kit Lambert
    • The Who
The Who-kronologi 
Tommy
(1969)
Live at Leeds Who's Next
(1971)

Singlar frå Live at Leeds
  1. «Summertime Blues»
    Utgjeve: Juni 1970

Live at Leeds er det første konsertalbumet til The Who og det einaste konsertalbumet som kom ut medan bandet var aktivt. Det vart først gjeve ut 16. mai 1970 av Decca og MCA i USA og 23. mai 1970 i Storbritannia av Track og Polydor. Albumet har seinare vorte gjeve ut i fleire ulike format. I 2003 vart albumet rangert på 170. plass på lista til musikkamagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsLive At LeedsLive At LeedsLive At LeedsLive At Leeds
Blender5/5 starsLive At LeedsLive At LeedsLive At LeedsLive At Leeds
Christgau's Record GuideB
Entertainment WeeklyA+
Mojo5/5 starsLive At LeedsLive At LeedsLive At LeedsLive At Leeds
Q4/5 starsLive At LeedsLive At LeedsLive At LeedsLive At Leeds
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsLive At LeedsLive At LeedsLive At LeedsLive At Leeds
Uncut4/5 starsLive At LeedsLive At LeedsLive At LeedsLive At Leeds

Albumet er av fleire trekt fram som det beste konsertalbumet i rockehistoria og er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Albumet er òg ein del av lista Album gjennom tidene med høgast lyd til musikkmagasinet Q.

Bakgrunn

Live At Leeds 
Blå plakett ved University of Leeds til minne om albumet

Etter dei gav ut albumet Tommy i midten av 1969 la The Who ut på ein omfattande verdsturne og kom tilbake til England året etter med ønske om å spele inn eit konsertalbum frå turneen. Dei ønskte derimot ikkje å høyre på dei om lag 80 timane med musikk dei hadde spelt inn for å velje ut kva som var dei beste songane for albumet. Det gjekk rykter om at Pete Townshend øydela lydbanda for å unngå piratopptak, men dette vart seinare avkrefta av Roger Daltrey i eit intervju.

To konsertar vart så planlagt, eit ved University of Leeds og eit anna i Hull, for å spele inn albumet. Konsertane vart haldne 14. februar (Leeds) og 15. februar (Hull) 1970, men tekniske problem med innspelinga frå Hull-konserten — bassgitaren vart ikkje spelt inn på enkelte av songane — gjorde at dei valde konserten frå Leeds for albumet. Trass i at mange tilhengjarar og kritikarar har rosa Leeds-konserten, meinte bandmedlemmene at innspelinga i Hull høyrdest betre ut med betre akustikk i lokalet.

Omslag

Plateomslaget ser ut slik plateomslaga piratopptak såg ut på denne tida, eit enkelt brunt pappomslag med «The Who Live At Leeds» trykt i enkle blå eller raude bokstavar, som om dei var stempla på med blekk. Det opphavlege plateomslaget kunne opnast opp og hadde ei lomme på kvar side på innsida med plata på eine sida og forskjellige ting på andre sida, som bilete, tekstar, ei oppskrift for røykbomber og ein tidleg «Maximum R&B»-plakat som synet Pete Townshend som gjer vindmølla på Rickenbackeren sin.

Omtale

I ei melding då albumet kom ut for The New York Times skreiv kritikaren Nik Cohn at Live at Leeds var «den definitive hardrock-holocaust» og «det beste livealbumet innan rocken som nokon gong er laga». Jonathan Eisen i Circus meinte at det flaut betre enn Tommy og at det aldri sidan albumet kom ut «har vore eit like utruleg tungt, så inspirert med den type kinetisk energi som The Who klarte å temme her.» Greil Marcus i Rolling Stone var mindre entusiastisk og sa at sjølv om innpakkinga til Townshend for albumet er «ein nyskapande kraftprestasjon innan rock and roll», er musikken utdatert og hendingslaus. Han meinte at Live at Leeds berre fungerte som eit dokument på «den formelle, kommersielle slutten på den første store perioden i den store karrieren til The Who.»

Omdømet til albumet har vorte så høgt at spisesalen i University of Leeds har vorte erklært eit nasjonalt landemerke i Storbritannia og minna med ein blå plakett.

Live at Leeds har blitt omtalt som tidenes beste rockekonsertalbum gjennom tidene av The Daily Telegraph, The Independent, BBC, Q, og Rolling Stone. I 2003 var det rangert på 170. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Den 17. juni 2006, over 36 år etter den originale konserten, drog The Who attende for å spele på The Refectory, ein konsert organisert av Andy Kershaw. Kershaw sa at konserten var «blant dei beste han hadde sett». I 2012 kåra lesarane av Rolling Stone albumet til det beste gjennom tidene.

Utgjevingar

I 1996 vart albumet første gong gjeven ut på CD. Den nymastra CDen inneheldt songar og introduksjonar til songane som vart fjerna frå den opphavlege utgjevinga. Enkelte stader, mellom anna på «My Generation», vart dei opphavlege vokalpartia erstatta av nye opptak av Daltrey.

«Fortune Teller» og «Young Man Blues» er R&B-songar som var ein del av standardrepertoaret til The Who på denne tida. «Shakin' All Over» er ei utgåve av Johnny Kidd frå 1960 og «Summertime Blues» ei utgåve av ein Eddie Cochran-song.

«My Generation» er dradd ut til nesten seksten minuttar og inneheld utdrag av «See Me, Feel Me» / «Listening To You», «Sparks», instrumentalriffet frå slutten av «Naked Eye», «The Seeker» og fleire andre ukjende tema. «Magic Bus» er dradd ut til sju og eit halvt minutt (klippa ned til 9:42). Resten av spora er stort sett som på albuma, men spelt som ein hard-rock power trio i staden for å prøve å gjenskape lydbilete frå originalinnspelinga.

Ein liknande konsert frå seinare på året vart gjeven ut i 1996 som Live at the Isle of Wight Festival 1970 i lag med filmen Listening to You: The Who at the Isle of Wight Festival.

I 2001 vart albumet gjeve nut på ny som del av Universal Deluxe Edition-serien. Deluxe-utgåva inneheld meir prat mellom songane og ei nesten komplett framføring av Tommy på plate to, som inneheld alle songar på plata bortsett frå «Cousin Kevin», «Underture», «Sensation» og «Welcome», som ikkje vart framført på konserten. På konserten vart Tommy framført mellom «A Quick One, While He's Away» og «Summertime Blues»; Deluxe Edition.

Eit utdrag frå denne innspelinga av «We're Not Gonna Take It»— med tittelen «See Me Feel Me/Listening to You»—vart òg tidlegare gjeven ut i boksen Thirty Years Of Maximum R&B.

Under konserten vart «Summertime Blues», «Shakin' All Over», «My Generation» og «Magic Bus» spelt etter Tommy, men for å gjere det lettare for lyttaren vart heile Tommy-delen av konserten plassert på plate to, og dei fire andre songane plasserte på slutten av plate ein.

Innhald

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Young Man Blues» (Mose Allison)5:51
2.«Substitute»2:05
3.«Summertime Blues» (Jerry Capehart, Eddie Cochran)3:22
4.«Shakin' All Over» (Johnny Kidd)4:15
Side to
Nr.TittelLengd
5.«My Generation»14:27
6.«Magic Bus»7:30

1995-utgåva

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Heaven and Hell» (John Entwistle)4:50
2.«I Can't Explain»2:58
3.«Fortune Teller» (Naomi Neville)2:34
4.«Tattoo»3:42
5.«Young Man Blues» (Mose Allison)5:51
6.«Substitute»2:06
7.«Happy Jack»2:13
8.«I'm a Boy»4:41
9.«A Quick One, While He's Away»8:41
10.«Amazing Journey/Sparks»7:54
11.«Summertime Blues» (Capehart og Cochran)3:22
12.«Shakin' All Over» (Johnny Kidd)4:34
13.«My Generation»15:46
14.«Magic Bus»7:46

Deluxe-utgåva

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde.

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Heaven and Hell» (John Entwistle)4:50
2.«I Can't Explain»2:58
3.«Fortune Teller» (Naomi Neville)2:34
4.«Tattoo»3:42
5.«Young Man Blues» (Mose Allison)5:51
6.«Substitute»2:06
7.«Happy Jack»2:13
8.«I'm a Boy»4:41
9.«A Quick One, While He's Away»8:41
10.«Summertime Blues» (Capehart og Cochran)3:22
11.«Shakin' All Over» (Johnny Kidd)4:34
12.«My Generation»15:46
13.«Magic Bus»7:46
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«Overture»6:53
2.«It's a Boy»0:38
3.«1921»2:49
4.«Amazing Journey»3:18
5.«Sparks»4:23
6.«Eyesight to the Blind (The Hawker)»1:58
7.«Christmas»3:19
8.«The Acid Queen»3:18
9.«Pinball Wizard»2:25
10.«Do You Think It's Alright?»0:22
11.«Fiddle About»1:13
12.«Tommy, Can You Hear Me?»0:55
13.«There's a Doctor»0:23
14.Namnlaus3:24
15.«Smash the Mirror»1:19
16.«Miracle Cure»0:13
17.«Sally Simpson»4:01
18.«Sensation»2:27
19.«I'm Free»2:39
20.«Tommy's Holiday Camp» (Moon)1:00
21.«We're Not Gonna Take It»8:48

Medverkande

Salslister

    Album
År Liste Plassering
1970 Billboard Pop Albums 4
UK Chart Albums 3
Danish Album Charts 8
    Singlar
År Singel Liste Plassering
1970 «Summertime Blues» Billboard Pop Singles 27
UK Singles Charts 38

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI) Gull 100 000^
USA (RIAA) 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Live At Leeds BakgrunnLive At Leeds OmslagLive At Leeds OmtaleLive At Leeds UtgjevingarLive At Leeds InnhaldLive At Leeds MedverkandeLive At Leeds SalslisterLive At Leeds SalstroféLive At Leeds KjelderLive At Leeds BakgrunnsstoffLive At Leeds

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AsiaJohn KasichSlaget ved RossbachKvigeKolibriRowan AtkinsonJohn IllsleySt. PetersburgBillboardHenny Moan2024BrennverdiThe BeatlesÅl i HallingdalWarwickshireDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenMuleselDire Straits av Dire StraitsVest-TysklandChristian RingnesNormandieJon AlmaasNazismeBjørn EidsvågØresundbruaEllen NikolaysenStatueRovpattedyrEBayFilmen Harry Potter og FøniksordenenGardasjøenOh, Boy! av Buddy HollyAbkhasiaMarokkoThe Hunchback of Notre DameYJens StoltenbergLāsma KaunisteGolden HeartSèteTriduumArménioBack in the U.S.S.R.Imbituba1818Øystein SundeWikipediaAnother One Bites the DustCristiano RonaldoJungfraujochAnne-Karine StrømSenterpartietKonservatismeTrinidad og TobagoListe over primtalHinduismenMat1799Gauklaget i SkaunHønsehaukIngmar BergmanSein juraSandsøya i SandeBokstaven betStoplesteinaneEndurance-ekspedisjonenNonDet Bergenske DampskibsselskabSionistUngarskAmitav GhoshAli Baba og dei førti røvaraneTsjerkasy oblastJack SonniAlbert EinsteinIndre KvarøyJorda🡆 More