Leksikografi er eit fag som tek for seg teoretiske og praktiske problem ved utarbeiding og bruk av ordbøker og andre oppslagsverk.
Sentrale felt innanfor leksikografien inkluderer semantikk (tydingslære), morfologi (bøyingslære) og kontrastiv lingvistikk.
Ein deler leksikografi inn i ein praktisk og ein teoretisk del. Praktisk leksikografi vil enkelt og greitt seia at ein førebur og skriv ordbøker. Teoretisk eller metaleksikografi er ein akademisk disiplin som studerer og skildrar semantiske tilhøve i ordforrådet til eit språk og utviklar teoriar om dette og korleis ein lager ordbøker. Dei to felta har nær tilknyting, ettersom ein må ha gode teoretiske kunnskapar for å laga ei god ordbok.
Den teoretiske leksikografien kan vidare delast inn i tre område:
Det finst òg andre inndelingskriterium i leksikografien. Ein kan til dømes dela han inn etter talet på språk, om ein lagar einspråklege eller tospråklege ordbøker. Ein kan òg skilja mellom allmenn og fagspråkleg leksikografi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Leksikografi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.