Laudanum

Laudanum er ein opium-tinktur, det vil seia eit opiat oppløyst i alkoholhaldig drikke, nokre gonger tilsett søtstoff, og då kalla for opiumsvin.

Laudanum
Laudanumflaske.

Historie

Laudanum 
Beata Beatrix (1872) av Dante Gabriel Rossetti. Den kvite valmuen representerer laudanum, som modellen til biletet Elizabeth Siddal hadde døydd av.

På 1500-talet eksperimenterte den sveitsiske legen og alkymisten Paracelsus med den medisinske nytten av opium. Han slo fast at den medisinske verdien som smertestillande var av slik storleiksorden at han kalla det «laudanum »etter latin laudare, «å prisa», eller frå labdanum, eit omgrep for eit planteekstrakt. Han kjende ikkje til dei vanedannande eigenskapane til stoffet, som kan leia til avhengnad.

På 1800-talet blei laudanum brukt i mange patentmedisinar for å «lindra smerte... som sovemiddel... til å lindra irritasjon... til å kontrollera vidtgåande sekret... til å støtta systemet... [og] som eit sveittedrivande middel». Dei avgrensa apotekarbøkene på den tida hevda at opium var blant dei mest verknadsfulle av tilgjengelege behandlingar, og såleis blei laudanum omfattande gjeve på resept for lidingar frå forkjøling til hjernehinnebetennelse til hjartelidingar, både for vaksne og barn. Laudanum blei også nytta ved epidemiar av gulfeber.

Dei romantiske og viktorianske periodane var prega av ein utbreidd bruk av laudanum i Europa og i USA. Opphavleg var det eit rusmiddel for dei lågare klassane, ettersom laudanum var billigare enn ei flaske brennevin fordi det blei rekna som ein medisin og dermed ikkje skattlagt slik alkohol vart det. Kunstnarar og litterære storleikar som brukte laudanum var mellom anna:

  • Lord Byron
  • Jane Johnston Schoolcraft, ein tidleg amerikansk urfolksforfattar
  • Kate Chopin, amerikansk feministisk forfattar
  • Samuel Taylor Coleridge, som var avhengig det meste av sitt vaksne liv
  • Thomas de Quincey, som vende avhengnaden sin til ein litterær suksess med utgivinga av sjølvbiografien Confessions of an English Opium Eater (Bekjennelsen til en engelsk opiumspiser)), 1822
  • Percy Bysshe Shelley, som leid av ville laudanum-påverka hallusinasjonar
  • John Keats, engelsk romantisk poet
  • Lewis Carroll som fekk ein del av inspirasjonen sin for den populære barneboka Alice i Eventyrland frå bruk av laudanum
  • Iolo Morgannwg, walisisk oldtidsforskar
  • Charles Dickens, engelsk forfattar
  • Antonin Artaud, fransk dramatikar og poet
  • Edgar Allan Poe, amerikansk poet
  • Charles Baudelaire, fransk poet
  • Branwell Brontë, målar og poet, men mest kjent som bror av Brontë-systrene
  • Mary Todd Lincoln, kona til president Abraham Lincoln, feilaktig gitt for soveproblem, noko som gav henne angst og hallusinasjonar.

Politiske figurar som brukte laudanum var mellom anna George Washington, William Wilberforce og Meriwether Lewis.

Ei rekkje viktorianske kvinner blei gjevne laudanum som avlasting for menstruasjonskrampe og vage smerter. I tillegg blei stoffet brukt estetisk for å oppnå den bleike hudfargen som også vart assosiert med tuberkulose. Ein skrøpeleg bleikheit var eit estetisk kvinneideal på denne tida. Sjukepleiarar gav også laudanum med skei til nyfødde. Den prerafaelittiske musa Elizabeth Siddal døydde av ein overdose laudanum, noko også mange andre nytta til sjølvmord, mellom anna Mary Wollstonecraft si dotter Fanny Imlay.

Kjelder

Tags:

Alkoholhaldig drykkOpiatOpium

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

27-årsklubbenNedbørKristian VI av Danmark-NoregBrahmaputra1795Samuel WennbergLillebjørn NilsenK2Kåre ConradiRoald ØyenAgatha ChristieEinar TambarskjelvePjokken EideSamvirkelagVetteDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenMarokkoGauklaget i SkaunGeologiVM i fotball 2022TsjekkoslovakiaLa BambaIstriaBrjansk oblast9. juniBillboardChampions LeagueMickey RaphaelBlyantkvessarLArménio29. juniGoogle ChromeLove Me av Buddy HollyNy-CaledoniaEgersundWillie NelsonEllen NikolaysenNasjonalplantarOs kommune i HordalandProfessor emeritusAserbajdsjanSalhusMenneskeanatomiSin-ørkenenAn-MagrittThank God It's ChristmasFinancial TimesELondonPelle og Pysa PiratsouteAli Baba og dei førti røvaranePeoníaÅge AleksandersenPélla9. oktoberØrnHalle BerryRichard Francis BurtonItaliensk salatDavid KnopflerGardasjøenWe Will Rock YouHändels MessiasLeonardo da VinciPåskeVM i fotball 2006Kristina av SverigeLill LindforsMauritaniaRød snøFotball-VM 1982NATORusslandKommunismeKreftDet svenske flagget🡆 More