Larsen er eit konjakkhus.
Dei har ikkje eigne vinmarker, så dei er ein negociant.
Huset vart grunnlagt av nordmannen (frå Tromsø) Jens-Reidar Larsen i 1926. Han flytta til Bordeaux i 1919, 24 år gammal, for å jobbe med vin og brennevin. Han hadde opphavleg planar om å bli i Bordeaux, men slo seg etter kvart ned i byen Cognac da hans lidenskap for konjakk auka. Han arbeidde først for konjakkhuset Prunier, der han m.a. selde konjakk til norske apotek. Seinare kjøpte han det lille konjakkhuset Joseph Gautier (1926), og lanserte sitt eige merke; Larsen. Heilt frå starten av nytta han vikingskipmotivet (drakkar) i marknadsføringa. Slagordet var då òg «Le Cognac des vikings». Han produserte òg akevitt i starten, etter ei gammal norsk oppskrift, men denne drikken fall ikkje i smak hos franskmennene.
Jens-Reidar Larsen gifta seg med ei kvinne frå Cognac, og saman fekk dei sonen Jean, som seinare overtok huset og lykkast veldig godt, særleg med eksporten. Jeans søner Frédéric og Nicolas Larsen har no tatt over drifta. Grunnleggaren sjølv døydde i 1980.
Dei kjøper berre konjakk frå andre vinbønder, men blandar sjølv. Deira spesialitet er flaskene som er forma som vikingskip, ei marknadsføring som har slått an godt, særleg i Skandinavia. Dette starta dei med rundt 1950.
I tillegg lagar dei òg Pineau des Charentes.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Larsen Cognac, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.