60°50′N 10°10′E / 60.833°N 10.167°E / 60.833; 10.167 Land er eit landskap i Innlandet fylke og er fellesnamn på dei store jordbruks- og skogtraktene omkring nordre del av Randsfjorden og oppover mot Valdres og Vestre Gausdal.
Administrativt er området delt inn i kommunane Nordre-Land og Søndre Land. Det gamle Land herad vart delt i Nordre og Søndre Land 1. januar 1848.
Riksveg 35 fører gjennom distriktet. Det meste av busetnaden finst langs Randsfjorden og i dei to hovuddalane som munnar ut i nordenden. Der dei to dalane møtest, ligg den største tettstaden, Dokka, administrasjonssenter i Nordre Land kommune, med betydeleg industri. Også Hov, administrasjonssenter i Søndre Land kommune har atskilleg industri. Land utgjer saman med Hadeland eit tingrettsdistrikt og eit prosti.
«Land – landskap i Oppland» av Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Landskapet Land, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.