Krimfjella (ukrainsk Кримскі Гори, Krymski Hory; russisk Крымские Горы, Krymskije Gory; krimtatarisk Qırım dağları) er ei fjellkjede som går parallelt til søraustkysten av Krimhalvøya i Ukraina, kring 13 km frå sjøen.
I vest fell fjella bratt ned mot Svartehavet og i aust glir dei slakt over i eit steppelandskap.
Krimfjella bestrå av tre mindre rekkjer. Den høgaste er Hovudrekkja. Hovudrekkja er delt inn i fleire massiv, kjend som yaylaer (krimtatarisk for fjelleng) eller fjellplatå. Desse er:
Den høgaste toppen på Krimhalvøya er Roman-Kosj (ukrainsk og russisk Роман-Кош, krimtatarisk Roman Qoş) i Babugan Yayla på 1545 meter over havet. Andre viktige toppar på over 1200 meter over havet er:
Dei viktigaste fjellovergangane over Krimfjella er:
Elvar i Krimfjella er mellom andre Alma, Tsjernaja og Salhir på nordsida og Utsjan-su på sørsida med Utsjan-su-fossen, som er eit populært turistmål og den høgaste fossen i Ukraina.
Arkeologar har funne dei tidlegare anatomisk modern menneska i Europa i Krimfjella i Buran-Kaja-grottene. Fossila er 32 000 år gammal med lekamar knytte til Gravetti-kulturen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Krimfjella, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.