Krigen i Libanon i 2006 var ein krig mellom Israel og den libanesiske sjiamuslimske gruppa Hizbollah.
Krigen varte frå 12. juli til 14. august. Krigen byrja etter vedvarande åtak av Hizbollah på israelsk busetjing, og etter eit åtak på israelske soldatar på israelsk territorium 12. juli.
Krigen i Libanon i 2006 | |||||
---|---|---|---|---|---|
Tyr i Libanon etter eit åtak av Det israelske luftforsvaret | |||||
|
I Libanon vart kring 1 200 drepne og 4 400 såra, av desse var 270 Hizbollah-krigarar, 50 soldatar frå det libanesiske forsvaret og personell frå det libanesiske politiet. Fem var frå fredsvernande styrkar i SN-regi. 974 000 libanesarar rømde heimane sine. På israelsk side vart 158 drepne, av desse 43 sivile av rakettåtak utførte av Hizbollah. 450 soldatar vart såra i striden i Libanon. 300 000 israelarar rømde heimane sine i Nord-Israel.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Krigen i Libanon i 2006, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.