Kommunevåpen er eit heraldisk våpen i form av skjold, flagg eller eller fane brukt som symbol for ein kommune.
I Noreg bruker både primærkommunar og fylkeskommunar våpen som uttrykk for kommunalt sjølvstyre.
I Noreg er byvåpen kjende sidan 1500-talet. Frå 1920 blei det arbeid med systematisering av slike våpen for byar og etterkvart kommunar. Dei fleste norske kommunar har i dag kommunevåpen som følgjer heraldisk terminologi og som ikkje kan forvekslast med andre våpen. Nokre få har ikkje-godkjende våpen; desse kan ikkje brukast som flagg. Berre kommunen har bruksrett til våpenet sitt, og det er rettsleg verna mot misbruk i reklame og liknande.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kommunevåpen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.