Kartvelske eller sørkaukasiske språk er ein språkfamilie som ifølgje Ethnologue inneheld fem språk.
Alle språka i familien blir snakka i Georgia, mens nokre av dei har talarar også i andre land. Språktreet for familien ser slik ut:
Georgisk og jødegeorgisk er dei einaste språka i familien som har ein skrifttradisjon. Georgisk har vorte skrive med det georgiske alfabetet sidan 3. hundreåret f.Kr., mens jødegeorgisk blir skrive med det hebraiske alfabetet. Desse er også dei einaste innbyrdes forståelege språka i familien. Georgisk er det mest talte språket i familien, med over 4 000 000 talarar. Det er også det einaste språket med offisiell status.
Mange språkforskarar har forsøkt å forbinde dei kartvelske språka med andre språkfamiliar, men har ikkje klart det. Familiar ein har prøvd å knyte til kartvelsk er dei nordvestkaukasiske språka og dei nordaustkaukasiske språka, og tidlegare også baskisk, men ingen har klart å vise at dei skulle stamme frå eit felles urspråk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kartvelske språk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.