Kommunistische Partei Deutschlands (KPD) var eit politisk parti i Tyskland som vart oppretta 1.
januar">1. januar 1919. Det vart skipa mellom anna av Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg, som vart avretta under spartakistopprøret i Berlin. På 20-talet vart KPD eit masseparti, og fekk heile 100 mandatar i den tyske Riksdagen. I 1933 vart partiet forbode av nazi-regimet. Partileiinga fungerte vidare frå eksil i Sovjetunionen. I 1945 vende dei tilbake til Tyskland. I den sovjetiske okkupasjonssona vart partiet i 1946 slått saman med SPD til Tysklands sosialistiske einskapsparti (SED). I den vestlege okkupasjonssona deltok KPD i det første forbundsdagsvalet i 1949 og vart vald inn i Forbundsdagen. Av dei andre partia vart KPD sett som medskuldig i Weimar-republikken sin undergang og forfatningsfiendtleg, og det vart forbode i 1956.
Kommunistische Partei Deutschlands | |||
| |||
Land | Weimarrepublikken | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Ernst Thälmann | ||
Grunnleggjarar | Karl Liebknecht | ||
Grunnlagt | 30. desember 1918 | ||
Nedlagt | 17. august 1956 | ||
Forgjengar | Spartakusforbundet | ||
Hovudkvarter | Berlin | ||
Medlemstal | 106 656 (1919) | ||
Ideologi | marxisme, leninisme, antifascisme, kommunisme, sosialisme, marxisme-leninisme | ||
Politisk posisjon | venstreekstremisme | ||
Farge | raudt |
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kommunistische Partei Deutschlands, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.