Kaare Fostervoll: Norsk politikar

Kaare Fostervoll (3.

desember">3. desember 18916. juli 1981) var ein norsk pedagog, gymnasrektor, politikar for Arbeidarpartiet og den første kringkastingssjefen i Noreg. Han var stortingsrepresentant for kjøpstadane i Møre og Romsdal fylke (Kristiansund, Molde, Ålesund) frå 1945 til 1949, kyrkje- og undervisningsminister frå 1945 til 1948 og så kringkastingssjef etter den tid og fram til 1962.

Kaare Fostervoll
Kaare Fostervoll: Regjering og storting, Utdanning og arbeid, Tillitsverv
Fødd3. desember 1891
Kristiansund kommune
Død6. juli 1981 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, faglitterær forfattar
Utdanna vedVolda lærarhøgskule
BarnKari Fostervoll
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1945–1950)
  • Norsk kyrkje- og undervisningsminister (1945–1948)
  • kringkastingssjef (1948–1962) Sjå dette på Wikidata

Regjering og storting

Kaare Fostervoll blei statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet (kyrkje- og undervisningsminister) i dei to første regjeringane til Einar Gerhardsen etter frigjeringa i 1945:

Han blei også vald inn på Stortinget som stortingsrepresentant for kjøpstadane i Møre og Romsdal fylke (Kristiansund, Molde, Ålesund) frå 1945 til 1949. Fordi han var statsråd møtte han ikkje på Stortinget som representant før 1. juli 1948. Han vart då vald til formann i Kyrkje- og skulekomiteen, noko han var til stortingsperioden tok slutt, 10. januar 1949.

Utdanning og arbeid

Kaare Fostervoll var student frå 1910, og tok lærarskuleeksamen i 1912. Han vart cand.philol. i 1927.

Han arbeidde som kontormann på Nordmøre fogdekontor i Kristiansund 1910-1911. Han var lærar ved folke- og ungdomsskular 1912-1919, og lærar ved høgare skule 1920-1927. Han var rektor ved Firda landsgymnas (Sandane) 1927-1938, og rektor ved Ålesund offentlige høyere almenskole (Latinskolen) 1938-1948. 1945-1949 var han i regjeringa og stortinget, før han vart kringkastingssjef 1948-1962

Tillitsverv

Tillitsverv i parti:

  • Sekretær Norges sosialdemokratiske ungdomsforbund 1923-1925, nestformann 1925-1927
  • Formann Gloppen Arbeidarparti 1934-1938
  • Sekretær Sogn og Fjordane arbeidarparti 1934-1938

Tillitsverv i organisasjonar:

Offentlige verv:

  • Medlem Styret for Fridtjof Nansens fond 1930-1962
  • Medlem Plankomiteen for den nye skoleordninga 1935-1940
  • Formann Nemnda for teknisk kveldsskule, Gloppen frå 1937
  • Formann Styret for Ålesund yrkesskule frå 1939
  • Medlem Undervisningsrådet 1940-1945

Radikal sosialdemokrat og målmann

Fostervoll rekna seg som radikal sosialdemokrat i tradisjonen frå Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (1921–1927), som stod sterkt i Møre og Romsdal dei åra dette partiet fanst som alternativ til Arbeidarpartiet og NKP. Også den mest kjende av forkjemparane for NSA, Olav Oksvik, var frå dette fylket. Fostervoll stod saman med Oksvik, Jacob Vidnes og Anton L. Alvestad mot «tranmælittane» og dei revolusjonære innanfor Arbeiderpartiet. Dette var også sentrale personar innanfor NSA.I Møre og Romsdal var utbrytarpartiet NSA større enn DNA, og hadde dessuten eit tyngdepunkt på Sunnmøre. Fostervoll har skrive ei partihistorie om NSA. Han var òg aktiv målmann, og attmed Halvdan Koht ein av dei fremste nynorskforkjemparane innanfor arbeidarrørsla. Fostervoll var den første frå Mållaget som vart leiar i Studentersamfundet i Oslo.

Litteratur

  • Fostervoll, Kaare: Studieplan i samfundsøkonomi, Oslo 1934
  • Fostervoll, Kaare: Arbeiderskandinavismen i grunnleggingstida, Oslo 1935
  • Fostervoll, Kaare: Mot rikare mål. Den norske folkehøgskule 1864-1964, Oslo 1964

Kjelder

Tags:

Kaare Fostervoll Regjering og stortingKaare Fostervoll Utdanning og arbeidKaare Fostervoll TillitsvervKaare Fostervoll Radikal sosialdemokrat og målmannKaare Fostervoll LitteraturKaare Fostervoll KjelderKaare Fostervoll189119813. desember6. juliArbeidarpartietKjøpstadKringkastingssjefMøre og Romsdal fylkeNoregNorske kyrkje- og undervisningsministrarPedagogikkPolitikarRektorStortingsrepresentant

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

USAJean-Pierre ThiolletDen julianske kalenderenMeter per sekundAxel JensenTeknologiBrividiAluminiumPeriferieininga IkaríaNynorsk WikipediaHistorieDaddelSionistIrlandTermoklinCowboy-LailaAlbert GleizesNiseStankelbeinTrekanthandelDoldenhornHalsnøyFinland8. maiAcanthisUnicornVulkanar i ItaliaSolgangsbrisSkovlhjulThomas JeffersonKrøllparentesNorske dialektarA Touch of ClassNynorskElham AmarBuddhistiske høgtiderDet norske flaggetAndWienerklassisismenStavkyrkjeTermodynamikkShaka SamvatMadeleine av SverigePliktetikkPHEliteserien i handball 1976/77–KvinnerSkigardsviseSKarensdagMusikkThe DoorsÅMolde kommuneTrond Johansen (1924)MediaWikiMåsarOlivia RodrigoBlåmannSauCoconut GroveOffentleg eigedomTerje StrømdahlBrigitte BardotÉjinaEinar GerhardsenSportsjournalistenes statuettHeidalMorfinLeksandSilvestre y La NaranjaFranskJean-Claude JunckerBjørnLønn🡆 More